Hopp til innhold

Mange står utan skuleplass

76 ungdomar med rett til skuleplass har framleis ikkje fått noko tilbod om ein av dei skuleplassane dei ønskjer frå hausten av. Det er stoda etter at andregongsopptaket til dei vidaregåande skulane i fylket no er klart. 82 søkjarar med ungdomsrett som ikkje fekk plass i det første opptaket har no fått plass. Dei vidaregåande skulane har til saman 352 ledige elevplassar. Frå 8. august er det skulane sjølve som tek over inntaket.