Hopp til innhold

Mange Sogndalspelarar er skadde

Fleire viktige spelarar på Sogndal er ute med skade berre halvanna veke før seriestart. Likevel er trenar Harald Aabrekk optimist.

Harald Aabrekk

OPTIMIST: Trass i mange skadde spelarar er trenar Harald Aabrekk optimist framfor seriestart om litt over ei veke.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Etter treningsopphaldet på La Manga, kjem troppen heim med fleire skader enn då dei reiste ned.

Desse er skada

  • Kenneth Udjus – smerter i lysken på venstrefoten (skotfoten)
  • Cato Hansen – fekk skuldra ut av ledd etter ein salto på trening
  • Eirik Bakke – lårhøne
  • Even Hovland – overbelastning i ein fot
  • Mats Solheim – smerter i lysken på skotfoten
  • Espen Næss Lund - meniskoperert før jul

- Hansen svært usikker

Cato Hansen
Foto: NRK

Mest usikkert er det om spissen Cato Hansen vert klar til sesongstart 20. mars.

Hansen fekk skuldra ut av ledd då han tok ein salto, og dersom dette skjer ein gong til er det stor fare for at han treng ein operasjon. Noko medisinsk koordinator i Sogndal Fotball, Kim Are Jacobsen helst vil unngå.

- Eg har eit ørlite håp om at han kan bli klar til sesongstart, men det er veldig lite. Han har ikkje smerter, men risikoen for at han får skuldra ut av ledd må eliminerast før han får trene normalt, seier Jacobsen til NRK.

Hansen har ikkje fått trene med laget under opphaldet på La Manga. I dag, torsdag, skal han til legeundersøking som truleg vil gje meir svar.

- Udjus har smerter i skotfoten

Også keeper Kenneth Udjus har måtte stå over fleire av treningskampane på La Manga. Han gjekk ut med skade i kampen mot Kongsvinger og kjenner det framleis i lysken.

- Udjus er til MR-undersøking i Bergen i dag. Mest truleg er det ikkje noko alvorleg, men han kjenner det framleis i lysken når han sparkar ballen, seier Jacobsen.

Både Udjus og Hansen kom til Sogndal frå Brann for kort tid sidan, i byte mot Piotr Leciejewski. Begge er tenkt som sentrale i Harald Aabrekk sine førsteellevar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kenneth Udjus

SKADD: Keeper Kenneth Udjus kom frå Brann før denne sesongen. Han slit no med skade i lysken.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Fleire skal til lege

Even Hovland

SKADD: Even Hovland slit med overbelastning i ein fot.

Foto: Sander Heggheim

I tillegg til desse to kjem også Eirik Bakke, Even Hovland og Mats Solheim heim frå Spania med skader.

- Even slit med overbelastning i ein fot og har måtte stå over fleire av kampane på La Manga. Det er vanskeleg å seie noko meir om kor alvorleg dette er før han har vore til lege i dag, seier Jacobsen.

Kaptein Eirik Bakke fekk seg ei lårhøne før kampen mot Haugesund, men dette skal ikkje vere noko alvorleg.

- Bakke er klar til kamp igjen på laurdag då vi møter Løv-Ham, konstaterer Jacobsen.

Mats Solheim

SMERTER: Mats Solheim slit også med smerter i lysken.

Foto: Arve Uglum / NRK
Espen Næss Lund

OPERERT: Espen Næss Lund har hovna opp i kneet, etter ein meniskoperasjon før jul.

Foto: NRK

Som Udjus, slit også Mats Solheim med smerter i lysken. Også han skal til legeundersøking i dag.

- Eg trur ikkje dette er noko alvorleg, men han har ikkje fått kamptrening på lenge. Så det er vel den største uroa eg har med han, seier Jacobsen.

Også Espen Næss Lund har vore ute av spel lenge, etter at knea hans har hovna opp etter ein meniskoperasjon før jul.

- Det har ikkje gått på skinner

For trenar Harald Aabrekk har dei mange skadane gitt han litt hovudbry. Forfallet har ført til at han ikkje har fått heilt dei svara han ville etter opphaldet på La Manga.

- På det verste har nesten ein tredjedel av troppen vore skada, så ting har ikkje gått på skinner for å seie det sånn, seier Harald Aabrekk til NRK.

Treningsopphaldet i varmare strok har enda med tre tap, og ein siger til sognelaget. Til tross for skadane viste fleire av dei andre på laget at også dei er gode nok for ein startellevar då dei senka Sandefjord 3-0 i siste kampen.

- Eg er imponert over dei spelarane som fekk sjansen mot Sandefjord. Dei gjorde ein veldig god figur, seier Aabrekk.

Optimist framfor seriestart

Han vil ikkje rangere kven av spelarane det er verst å ha ute med skade, og vil ikkje skilde spelarsituasjonen som noko krise.

Aabrekk er optimistisk framfor seriestart mot Strømsgodset 20. mars.

- Første kampen er alltid spennande fordi vi ikkje veit heilt kor vi står henne. Eg er optimist, men vi veit vi går til ein vanskeleg kamp.