Hopp til innhold

Ho jobbar med å hjelpe born som lir av angst

Også små born lir av angst. For foreldre, familie og tilsette i barnehagen kan det vere vanskeleg å sjå, men dei små kan slite med mykje uro og redsle.

Kirsten Flaten

BLIR LUKKELEG AV Å HJELPE: Kirsten Flaten har sett resultat av å gi råd til foreldre med angstfylte born.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Så mange som 20 prosent av borna har ei form for angst. Halvparten veks det av seg, medan halvparten må stri med det også seinare i livet, seier Kirsten Flaten.

– Eg trur ikkje eg kan hjelpe absolutt heile verda, men kjem vi tidleg inn trur eg vi kan hindre dei i å utvikle tyngre angst.

Og angst kan gjere seg synleg allereie hjå born ned i 3-4-årsalderen. Kirsten Flaten er spesialpedagog og forskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho har jobba med og forska på angst i 15 år, på stadig yngre grupper. Ho seier teikna på angst kan vere mange:

– Dei bekymrar seg for alt mogeleg: «Mamma, pappa, kjem de og hentar meg i barnehagen». «Kjære barnet mitt, vi har jo aldri gløymt deg». «Men hugsar de meg i dag og?»

– Dei greier ikkje legge det vekk. Blir dei inviterte i bursdag lurer dei på om dei vil finne doen, om dei vil like maten, dei er redde for å spy. Det er mykje bekymring - og så irritabilitet. Det er slitsamt å bekymre seg, og då blir dei litt hissige og iltre fordi verda er vanskeleg å forhalde seg til.

«Cool little Kids»

Men tal syner at berre 13 prosent av borna som slit med angst får behandling. Flaten er no tildelt nær 400.000 kroner frå Helse Vest for å teste ut «Cool Little Kids» - eit angstførebyggande program for foreldre til fireårige born med angst.

I helga kan foreldre i Stryn og Hornindal delta for å få hjelp. Organisasjonen «Vaksne for born» er med på å arrangere kurset. Leiar for laget i Indre Nordfjord, Ann-Iren Ulvedal, har sjølv jobba som pedagog i barnehage i nær 30 år:

– Eg har snakka med mange foreldre som ikkje veit korleis dei skal takle born som dei ser har problem med å gå ut i veneflokken eller hevde seg. Mange trekkjer seg frå sosiale samanhengar, og eg har opplevd at dei blir glade når vi kan sette oss ned og gi nokre heilt enkle råd som dei kan bruke heime.

Barn og angst - illustrasjonsfoto

FÅ FÅR HJELP: Berre 13 prosent av borna som slit med angst får behandling.

Foto: Scanpix

Fører ofte til uføretrygding

Helsestyresmaktene peikar på angst og depresjon som ei av hovudutfordringane framover, men det er ikkje utarbeidd retningslinjer for korleis ein skal arbeide med dette hjå born og unge.

– Vi har veldig mange unge uføretrygda, og storparten av dei blir uføretrygda på grunn av psykiske helsevanskar, mange med angst og depresjon, seier Kirsten Flaten.

Også professor Einar Heiervang, som leier Angstnettverket retta mot born i Helse Vest, er klar på at foreldra spelar ei nøkkelrolle:

– Det er viktig at dei får hjelp til å kome inn i betre sirklar, at foreldra får støtte slik at dei kan hjelpe barnet og møte det dei er redde for. Foreldra er heilt avgjerande for å nå inn til borna når dei er så små.

Enkle råd til foreldra

Kring 20 prosent av små born har angst - 10 prosent av desse må slite med problemet også i vaksenlivet. På kurset får foreldra enkle råd om korleis dei kan hjelpe borna til å utfordre angsten sin.

– Foreldra får informasjon om korleis angst ser ut, korleis dei som foreldre er med på å vedlikehalde angsten, og kva dei kan gjere med det.

Kirsten Flaten har testa ut programmet før, med godt resultat:

– Men det betyr ikkje at det er lett. Det er ei emosjonell liding, å snu på slikt er hardt for ein sjølv, men ein blir så lukkeleg når ein kjem eit hakk vidare, ikkje minst når du ser at barnet ditt klarer ein del ting som det har grudd seg til. Det er ingenting som er meir motiverande for foreldra enn nett det.


Ann-Iren Ulvedal skulle sjølv ynskje ho hadde hatt betre kunnskapar om problemstillinga tidlegare i yrkeskarrieren. Ho og Flaten er spente på korleis kurset blir motteke i Stryn og Hornindal.