Hopp til innhold

Mange slit med munnlege framføringar

Lærarar skal vurdere kor flinke elevane er munnleg, men mange elevar kvir seg for å snakke framfor ei forsamling. For enkelte blir det så vanskeleg at dei ikkje møter opp.

Læreplanen pålegg lærarar å vurdera kor flinke elevane er munnleg. Mange elevar kvir seg til å snakka føre ei forsamling. For enkelte blir det så vanskeleg at dei ikkje greier å møta opp.

– Vi har press frå alle sider. Du skal vere sosial med venane dine og gjere det bra på skulen, seier Silje Viktoria Gravdal Vallestad.

Tidlegare frykta Vallestad munnlege presentasjonar, men no har ho ikkje dei same problema. Ho fortel at ho ser mange som gruer seg til å framføre noko munnleg.

Silje Viktoria Gravdal Vallestad

BETRE: Silje Viktoria Gravdal Vallestad sleit tidlegare med munnlege framføringar. No går det betre.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg har medelevar som helst berre vil framføre for læraren, dei blir nervøse, seier Vallestad.

Vallestad, som er elev ved Hafstad vidaregåande skule i Førde, fortel at lærarane hennar hjelpte ho til å kome over frykta for å framføre. Ho trur læraren kan vere viktig og for andre.

Lærarane kan hjelpe dei som slit ved å la dei som treng det framføre berre framfor læraren. Så kan dei og pushe dei som berre er litt nervøse til å framføre.

Kjenner problemet

Gørild Benjaminsen

KJENNE ELEVANE: Gørild Benjaminsen fortel at det er viktig å kjenne elevane for å vite kva som bør gjerast når ein elev ønskjer å sleppe munnlege framføringar.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Det at mange elevar slit med frykt for munnlege presentasjonar er noko og lærarane får med seg. Gørild Benjaminsen ved Hafstad vidaregåande skule kjenner godt til problematikken.

Det er klart at dersom elevar med sosial angst spør meg om dei kan sleppe å ha presentasjon framfor klassen, så pressar eg dei ikkje. Men når eg får spørsmål frå elevar som eigentleg kan klare det, så brukar eg å seie at dei må prøve. Det handlar om å kjenne elevane.

Viktig med tilpassing

Magnhild Hoddevik

MEIR TID: Magnhild Hoddevik fortel at det tar tid å tilpasse undervisninga til dei ulike elevane. Ho trur mange lærarar ønskjer meir tid til å gjere det.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Å verte kjent med elevane tar tid. Nestleiar ved utdanningsforbundet i Førde, Magnhild Hoddevik, seier at undervisninga må kunne tilpassast både dei elevane som slit mykje og dei som slit litt. Slik tilpassing kan vere alt frå å ha framføring berre framfor læraren til å få meir trening i å framføre. Ho trur det å tilpasse undervisninga er noko lærarar er opptekne av.

– Lærarar er veldig opptekne av å legge til rette for at elevar skal få moglegheit til å utvikle seg og vise kva dei kan. For å gjere det treng ein tid, og eg trur dei fleste lærarar ønskjer meir tid til å tilpasse undervisninga til dei ulike elevtypane.

Vanskeleg

Are Lillebø

VANSKELEG: Are Lillebø fortel at munnlege framføringar kan vere noko av det aller vanskelegaste for elevar som slit med sosial angst og sjenanse.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Seksjonsleiar for BUP i Førde, Are Lillebø, fortel at munnlege framføringar er noko av det som kan vere aller vanskelegast for elevar som slit med sosial angst og sjenanse. Han seier at det for nokre kan bli så vanskeleg at dei ikkje klarer å gjennomføre ei framføring.

– Det kan føre til at elevar trekk seg frå framføringa, og at dei ikkje møter opp på skulen.