Hopp til innhold

Mange slit med å få lada elbilane medan dei er på jobb

FØRDE (NRK): Det blir stadig fleire ladestasjonar for elbilar, men fleire opplever at dei ligg så langt frå arbeidsstaden sin, at det ikkje er til særleg stor hjelp.

El-bil til lading

MÅ LADAST OFTARE: No på vinteren treng elbilar meir lading enn når det er varmare i lufta.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Når ein køyrer elbil no på vinterstid så treng dei meir straum. Ved Sunde banehage og skule, har ein i alle fall ikkje mogelegheit til å lade i nærleiken, seier Anette Varlid.

Ho bur på Sande, og jobbar i Sunde barnehage i Førde. I deira familie har dei to elbilar, og dei merkar difor godt til problemet i kvardagen sin.

– Spesielt på arbeidsplassen er det eit problem. Vi pendlar og er eigentleg heilt avhengige av det

Trur du arbeidsplassen din tek dette på alvor?

– Nei, eg trur eigentleg ikkje dei ser på det som eit stort problem.

Anette Varlid

UTFORDRANDE: Anette Varlid tykkjer det kan vere utfordrande å få lada elbilen sin medan ho er på jobb.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Eit veksande problem

Varlid er ikkje åleine i å vere litt frustrert over dei manglande lademoglegheitene når ho er på jobb. Og skal vi tru Petter Haugneland i Norsk elbilforening er det eit problem som berre vil bli større i åra framover.

– Myndigheitene oppmodar jo folk om å byte ut bilane til nye og utsleppsfrie bilar, då burde det jo absolutt vere ei samfunnsoppgåve å leggje til rette for at ein kan lade dei bilane, seier han.

Og det er jo nettopp det at ein vert oppmoda om å byte ut bilen, som gjer at problem kan bli stadig større.

– Om vi ikkje gjer noko snarleg, så vil den auken vi no ser i elbilkjøpet, berre føre til at det blir vanskelegare og vanskelegare å få lada bilen sin når ein er på jobb, fryktar Haugneland.

Trond Ueland i Førde kommune

LOVAR Å BLI BETRE: Trond Ueland seier at dei skal ta grep for å bli betre.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Førde kommune lovar å bli betre

For Anette Varlid er det ladetilbodet i Førde kommune som er det avgjerande. Der seier kommunalsjef Trond Ueland at dei tek kritikken frå elbilbrukarar på alvor.

– Vi har seks ladestasjonar i kommunen i dag. Det er ikkje nok. Vi lyt få på plass fleire. Vi veit at det er mange som pendlar inn til Førde med elbilar så dette er noko vi må få til etter kvart, seier Ueland.