Hopp til innhold

Mange sauebønder er slitne av ulvefrykta

FJALER (NRK): Ein ulv har herja i ytre Sunnfjord og Sogn sidan i sommar. Fleire fryktar at alt ekstraarbeidet knytt til ulvesommaren skal gå ut over motivasjonen til sauebøndene.

Svante Hovland med sauene sine

SER TIL SAUENE SINE: Svante Hovland går mykje i fjella over Flekke for å sjå til sauene sine.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg følgjer med på sauene via ein app fleire gonger for dagen, seier sauebonde i Flekke i Fjaler Svante Hovland.

Han har installert GPS-sendarar eller "radiobjøller" på rundt tretti av sauene sine, og med hjelp av dei kan han vite nøyaktig kor sauene held seg til ein kvar tid.

Tidlegare i sommar var det gjennom denne appen at Hovland såg at ein sau ikkje hadde rørt på seg på fleire dagar.

– Og ganske riktig, då eg kom fram til sauen var han heilt oppeten. Kadaveret var heilt uvanleg, og eg skjøna at noko spesielt hadde skjedd.

Kort tid etter vart ein ulv oppdaga i nabobygda Guddal i Fjaler.

Sidan det har Hovland vore oppe i fjellet for å sjå til sauene sine så ofte han kan. Endå er det eit par veker til han har teke alle ned att frå fjellbeite.

Svante Hovland
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det har vore lagt ned ein enorm ekstrainnsats

Leiar i Høyanger nordside beitelag Ove Sørestrand fortel at det er mange bønder i området som har fått ein uvanleg arbeidsam sommar etter at det vart oppdaga ein ulv. Til no er det slått fast at ulven har teke livet av fleire titals sau.

– Mange sauebønder er i fjellet kvar dag og ser til sauene sine. Det er ein heilt enorm ekstrainnsats som blir lagt ned, og ei stor arbeidsbelastning, seier Sørestrand.

Ein app overvaker sauene til Svante Hovland

OVERVAKER SAUENE: Svante Hovland har ein app på telefonen som han brukar til å følgje rørslene til sauene sine i fjellet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sørestrand seier at mange i Fjaler, Hyllestad og Høyanger skal sanke ned sauene sine no i midten av september, og at ein då vil få ein betre oversikt over kor mange som er drepne.

Også Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn håpar på det. I helga var han i Guddal i Fjaler for å undersøke eit nytt kadaver som ein sauebonde mistenkte var teke av ulv.

– Eg fann ikkje noko teikn på at han var teken av rovdyr, men det var ikkje nok att av kadaveret til at eg kan utelukke det, seier Golf.

Rein Arne Golf undersøkjer sau i Guddalen laurdag

UNDERSØKJER KADAVER: Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn undersøkjer ein død sau for å finne ut om han er teken av ulv.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Køyrer på tvers av fylket for å undersøkje død sau

Kvar gong sauebønder i ulveområdet melder frå om at dei har funne kadaver som dei mistenkjer er drepne av ulv, tek han turen heilt frå Lærdal for å undersøkje dei døde sauene.

– Om ein sau er teken av ulv, så vil det gjerne vere teikn på at det har vore ein kamp. Vi ser etter slike spor, og spor etter anna påført skade.