NRK Meny
Normal

Mange plastprodusentar treng meir kunnskap om miljøreglar

Fylkesmannen har sjekka plastprodusentar i heile landet. Mange har ikkje gode nok risikoanalysar for miljøkonsekvensar, er konklusjonen.

Strukturplast

SANDANE: Strukturplast AS på Sandane hadde nokre avvik dei fekk retta opp i etter besøk frå Fylkesmannen. – Dei bør kome oftare så vi er sikre på at alt blir gjort rett, seier dagleg leiar Frode Lindvik.

Tenker du nokon gong over kva du har rundt deg i kvardagen som er laga av plast eller glasfiber? Det er kanskje meir enn du trur.

I Sogn og Fjordane blir det til dømes laga baderomsinnreiing, småbåtar, sandkassar, tauverk til fiskeriindustrien eller plastprodukt som dei brukar offshore.

Fylkesmannen har sjekka 107 bedrifter i heile landet som lagar ting av plast og glasfiber, for å finne ut om dei veit nok om reglane som skal gjere at dei ikkje er farlege for miljøet.

– Vi fann avvik på internkontroll, risikoanalyse, handtering av kjemikaliar og at nokre er for dårlege til å vurdere andre og meir miljøvenelege alternativ, seier Toril Marie Mulen frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Avvika var ikkje alvorlege, og kan ordnast av bedriftene.

– Alle har ein veg å gå for å bli betre. Målet er å betre kunnskapen miljøregelverket, seier Mulen.

Derfor er det viktig at bedriftene har kunnskap

Det tyder på at verksemdene som produserer plast ikkje prioriterer å skaffe seg kunnskap om reglane som gjeld for at dei skal beskytte miljøet, kjem fylkesmannen fram til i ein rapport.

Om lag 60 prosent av føretaka som vart sjekka mangla godkjente risikovurderingar for miljø.

Det er ikkje overraskande, for det er eit omfattande regelverk dei skal stelle seg til, seier Frode Lindvik.

Han er dagleg leiar for Strukturplast AS på Sandane, som lagar plastkomponentar til offshorenæring og andre ting.

– Det er bra dei gjer tilsyn og at vi har ei fagmyndigheit som hjelper til. Det er eit omfattande regelverk, og det skjer endringar og slikt som ikkje alltid er lett å få med seg, seier Lindvik.

Dei fekk sjølv beskjed om å betre risikoanalysen sin etter tilsynet. Det er mogleg å gjere ting rett sjølv om dei jobbar med plast og kjemikaliar, meiner Lindvik.

Frode Lindvik

STRUKTURPLAST: Frode Lindvik meiner plast kan vere berekraftig i framtida, om ein får bukt med avfallsproblemet i verda.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vil betre bransjen

I 2015 vart det produsert 324 millionar tonn plast i verda. Mykje av det hamnar der det ikkje skal vere. Vi har skapt eit evig miljøproblem på kloden, meiner forskarane.

Dei som jobbar med plastproduksjon snakkar også saman om korleis dei kan gjere plast meir miljøvenleg i framtida.

– Vi har bransjeklynger der vi snakkar mykje om avfallsproblematikk. Vi ynskjer å lage ein sirkulær økonomi, der meir blir biobasert og vi går meir vekk frå fossile stoff. Plastproduksjonen har kome litt ut av kontroll, sidan ein berre har sett dei positive tinga utan å ta ansvar for heile verdikjeda. Det er kjempebra, seier Lindvik.