Hopp til innhold

Mange menn vil jobbe i omsorgsyrke

Menn i omsorgsyrke aukar kraftig. Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har dei ei dobling i talet på mannlege studentar i fleire av helse og omsorgsfaga.

Ved vernepleierstudiet er 12 studentar menn. Dette er over en tredjedel av klassen.

Ole Martin Hitland, leiar ved studiet, trur utviklinga skuldast gode sjansar for å få jobb, men også at interessa for å jobbe med menneske har vakse blant menn. For skulen har ikkje gjort noko ekstra for å rekruttere mannlege studentar.

- Menn har andre verdiar

Hitland trur ein større del menn innen omsorgsyrka kan gi føre til nye måter å jobbe på som beriker

- Det kan jo hende at menn har andre perspektiv på omsorgsyrke. Det kan vere at dei har ei anna innstilling og vektlegg andre aktivitetar. Det kan verte positivt for både funksjonshemma og andre. 

Historisk

Også ved sosiononutdanningen har dei fått flere menn i klassen. Ved skulestart er 18 av 47 studentar menn.

- Vi har ikkje hatt så mange mannlege studentar tidlegare. Det er gledeleg at menn også interesserer seg for omsorgsyrka, seier studieleiar  Svanhildur Gudmundsdottir.