Hopp til innhold

Håpar på mykje edelt metall i Fredrikstad

Sogn og Fjordane har fleire medaljehåp når junior-NM i friidrett blir avvikla i helga.

Marte Rygg Årdal

MEDALJEHÅP: Sleggekastaren Marte Rygg Årdal (GFIL) er eitt av fleire medaljehåp under helgas junior-NM i friidrett.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Meisterskapen i Fredrikstad startar fredag føremiddag, med Inga Kaarstad Skaar (Førde) som første utøvar i dyst på 1500 meter.

Deretter går det slag i slag til meisterskapen er over søndag ettermiddag. Fire klubbar frå fylket er representerte.

Narve Heggheim

HAR TRUA: Dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim, har håp om fire-fem medaljar i junior-NM.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

– Fylket har mange medaljekandidatar i årets juniormeisterskap, spesielt i kastøvingane, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane.

To klare gullhåp

Gloppen er sterkast representert med heile åtte utøvarar. Blant desse kasttalenta Marte Rygg Årdal, Evald Osnes Devik, Hans Sande og Thomas Mardal, som alle er å finne på rekrutteringslandslaget i kast .

– Fire-fem er det som er mest realistisk, men vi har også ein del outsiderar så det kan bli meir. Men det er meisterskap og ein veit aldri. Dei som er favorittar kan gleppe og det kan slå begge vegar for våre utøvarar, seier Heggheim.

Thomas Mardal

VETERAN: Thomas Mardal deltek i sitt tredje junior-NM.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Rygg Årdal og Osnes Devik blir trekte fram som dei største gullkandidatane frå fylket.

– Marte Rygg Årdal har prestert godt i slegge og persa førre helg. Evald Osnes Devik som har vore stabil over tid og som også representerte for juniorlandslaget i fjor. Det er vel dei vi forventar kan kjempe om gull i førsterekke, seier Heggheim.

EM-utøvar i junior-NM

I tillegg stiller den EM-klare førdianaren, Marius Vedvik , på startstreken på 5.000 meter. Vedvik representerer bergensklubben Gular.

Jostein Joshua Fossøy

HÅP: Jostein Joshua Fossøy er på rekrutteringslandslaget for sprint og hekk, og kan fort blande seg inn i medaljestriden.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Sogn og Fjordane sin medaljefangst i meisterskapen plar varier frå år til år.

– Det varierer frå fire til ni-ti medaljar. I år har vi ein del unge som presterer veldig bra, men som blir relativt unge i eit junior-NM. Slik sett er det Ungdomsmeisterskapen som er deira arena. For dei er junior-NM ein bonus, men ein del av dei kan nå finalar og vere med å kjempe om medaljar, seier Heggheim.