Mange lokallag droppa Nødseth

Berre tre av 26 lokallag har sett Jacob Nødseth opp som kandidat til stortingsvallista. Dette går fram av dei førebelse forslaga frå lokallaga.

Jacob Nødseth

LITE STØTTE: Berre tre av 26 lokallag har sett Jacob Nødseth opp som kandidat til stortingsvallista.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nødseth er omstridd etter å ha vore involvert i fleire konfliktar med partifeller.

– Per i dag er det berre Førde, Florø og Høyanger som ønskjer Nødseth, seier Onar Osland som er leiar i Høgre si nominasjonsnemnd.

Ei rekkje konfliktar

Trass i at Jacob Nødseth berre er 24 år, har han rekt å markere seg sterkt i det politiske landskapet i fylket. Med sin klare tale har han vore ein tydeleg profil både som leiar i Unge Høgre i fylket, i fylkesstyret i Høgre og i bystyret i Flora.

Han har vore sett på som eit stort politisk talent, men etter å ha vore involvert i ei rekkje konfliktar med partifeller, er det fleire som no ønskjer Nødseth ut av politikken.

Sist veke sa Arve Mjømen, fylkesleiar i Høgre, rett ut at Nødseth per i dag ikkje er eigna til vere kandidat til stortingslista.

– Det er noko som heiter etikk og. Ein kan seie at det politiske talentet til Jacob er uomstridd, men det manglar litt på dømmekrafta slik eg ser det, sa Mjømen til NRK.no.

Førde-leiar heilt ueinig

Leiar i Førde Høgre, Karl-Erik Melander, er av ei heilt anna oppfatning.

– Han er ein drivande god politikar og han er kanskje til og med den beste. Han er klar, har ein vilje og er villig til å stå på. Nødseth jobbar godt for heile fylket, seier han.

Glad for laga som støttar han

Embla Belsvik

POPULÆR: Embla Belsvik har fått sju nominasjonar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Frida Melvær

POPULÆR: Det er også sju lokallag som vil ha Frida Melvær høgt på stortingsvallista.

Nødseth, som sit no som første vara på Stortinget, er glad for at lokallaga i Florø, Førde og Høyanger ønskjer han på stortingsvallista. Ut over dette ønskjer han ikkje å kommentere saka.

Nominasjonsnemnda har allereie føreslått Bjørn Lødemel på førsteplass. Etter ein ny runde hos lokallaga er det opp til det endelege nominasjonsmøtet den 20. oktober å avgjere kven som skal stå på stortingsvallista.

Mest støtte til Belsvik og Melvær

Dei som er førte opp av flest lokallag er Embla Belsvik frå Florø og Frida Melvær frå Askvoll, begge med sju oppføringar. Så kjem Olve Grotle frå Førde som er ført opp av seks lokallag.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.