NRK Meny
Normal

Mange lærarar oppfyller ikkje nye krav

I dag manglar tre av ti mattelærarar og fire av ti engelsklærarar nok fordjuping. Fleire hundre lærarar i Sogn og Fjordane må ta vidareutdanning innan 2025.

Pult i klasserom

STRENGARE KRAV: Dei som skal undervise i engelsk, norsk og matte må har fordjuping i desse faga.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Behovet for påfyll av fagleg kompetanse varierer stort frå kommune til kommune. Fylkesleiar i utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli, meiner forskjellen skuldast rekruttering og økonomi.

– Det handlar om viljen hos kommunen til å sende lærarar på etterutdanning, økonomisk kapasitet og kor stor plass det er i høgskulesystemet det er til å ta imot alle som ønskjer vidareutdanning.

Steinar Strømsli

ØNSKJER PÅFYLL: Fylkesleiar Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet seier lærarane er positive til å etterutdanne seg.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Frå 1. august 2025 må alle lærarar som skal undervise i matematikk, engelsk og norsk ha minimum 30 studiepoeng i desse faga. Lærarar på ungdomsskolen må ha minimum 60 studiepoeng. Dette gjeld ikkje berre nyutdanna lærarar, men også dei som har undervist i mange år.

65 prosent fekk tilbod

I Sogn og Fjordane er det i dag 266 mattelærarar, 229 engelsklærarar og 184 norsklærarar utan tilstrekkeleg fordjuping, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.

Det er skulane og kommunane som har ansvaret for at lærarane oppfyller kompetansekrava.

– Tala viser at mange lærarar ønskjer å ta meir utdanning, men kommunane klarer ikkje å gi det tilbodet. Det er berre 65 prosent av dei som søkjer om etterutdanning, som får tilbod, seier Strømsli.

Har utfordringar

Det er store skilnader i Sogn og Fjordane. Årdal er den kommunen med flest lærarar som manglar fordjuping. Skulefagleg ansvarleg Jan Kåre Stedje seier Årdal kommune har ei utfordring framover

– Vi har ein del lærarar som nærmar seg pensjonsalder, samstundes som vi slit med rekrutteringa av nye lærarar. Men vi har fleire av lærarane som er i gang med etterutdanninga, og vi har ein plan for dei neste fire åra, seier Stedje som også er rektor ved Tangen skule.

Skal kartleggje behovet

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) oppmodar lærarane om å etterutdanne seg.

– Vi har mange dyktige lærar, men dei manglar fordjupinga. Eg forventar at alle kommunar har kartlagt behovet, seier han i ei pressemelding.

Avdelingsdirektør Erling Lien Barlindhaug i KS Utdanning seier kommunane skal utarbeide planar om korleis dei skal løyse kompetansekrava.

– Det er tre måtar å gjere dette på. Det er kompetansehevinga som regjeringa har lagt til rette for, det er å flytte på lærarar og det er rekrutteringa.

Ut frå tala på nasjonalt nivå, trur han dei vil komme i mål innan 2025.

– Vi oppmodar kommunane om å samarbeide med høgskular og universitet for å få til eit lokalt utdanningstilbod.

Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet seier viljen er stor blant lærarane til å få nødvendig fagleg påfyll.

– Det eg trur er viktigast, er at våre hovudtillitsvalde pressar på kommunalsjefane slik at dei sender lærarar på etterutdanning.

Tal på lærarar som ikkje oppfyller krava

Kommune

Norsk

Matematikk

Engelsk

Sogn og Fjordane

184

18%

266

29%

229

35%

Askvoll

12

30%

11

29%

13

43%

Aurland

7

28%

4

18%

8

44%

Balestrand

0

0%

0

0%

0

0%

Bremanger

4

11%

5

15%

5

29%

Eid

4

9%

11

23%

6

25%

Fjaler

2

9%

5

25%

5

36%

Flora

23

23%

27

31%

22

29%

Førde

6

6%

11

14%

11

20%

Gaular

3

10%

5

22%

5

28%

Gloppen

12

24%

12

32%

9

32%

Gulen

5

17%

4

18%

5

36%

Hornindal

0

0%

0

0%

0

0%

Hyllestad

0

0%

2

22%

1

9%

Høyanger

7

16%

14

33%

13

45%

Jølster

12

30%

10

29%

18

62%

Leikanger

6

20%

10

33%

4

17%

Luster

8

15%

13

26%

10

37%

Lærdal

6

50%

5

56%

5

45%

Naustdal

8

42%

7

37%

4

36%

Selje

4

19%

6

29%

8

36%

Sogndal

17

27%

21

36%

21

48%

Solund

0

0%

0

0%

0

0%

Stryn

16

20%

22

29%

8

18%

Vik

9

31%

14

50%

9

36%

Vågsøy

3

5%

11

20%

4

13%

Årdal

8

20%

34

69%

34

72%

Kjelde: GSI (Grunnskolenes informasjonssystem, skuleåret 2017/2018)

Vegopning på Bergum i Førde kommune