Hopp til innhold

Folk gjekk mann av huse for å kjøpe dei brukte kleda til Tone Damli

SOGNDAL (nrk.no): Medan kjærestane var på Tone Damli Aaberge sitt garasjesal, var det for gutane møte i «sjåfør og hold denne-klubben» ved lyktestolpen på parkeringsplassen.

Tone Damli Aaberge

STRÅLTE: Tone Damli Aaberge skein om kapp med sola på sitt eige garasjesal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fredag ettermiddag hadde Tone Damli Aaberge og søstera Tale garasjesal heime hjå mor og far i Tjødnali på Kjørnes i Sogndal.

Mellom brukte og mindre brukte bukser, kjoler, toppar og alt anna ein kvinneleg A-kjendis i Norge har i skåpet sitt, var blant andre Marie Rynning og Ilva Bengtzon. På parkeringsplassen utanfor sat deira andre halvdelar Kim Remy Holtet og Sivert Scvhevig.

Dei to kjærestepara er frå Austlandet og på ferie i Sogndal.

– Måtte rekka garasjesalet

– Me skulle egentleg reisa i dag, og då fekk me beskjed av jentene om at me måtte reisa grytidleg for å rekka garasjesalet. Heldigvis droppa me det og reiste for to dagar sidan, flirer Schevig.

Då garasjesalet opna klokka 14, var allereie 10-15 personar inne i garasjen. Det steig raskt til 30.

I fjor vår gjorde Tone Damli det same i Oslo, og då kunne klikk.no melda om at køane var lange for å sikra seg kjolar og anna som Tone ikkje lenger hadde bruk for.

– Eg trur nok kjendisfaktoren spelar litt inn her, seier Kim Remy Holtet.

– Ikkje så gale

Og medan deira betre halvdelar gjekk gjennom klesplagg etter klesplagg, var Schevig og Holtet i ein posisjon mange menn har vore før dei: ventande eller som vandrane klesstativ.

– Det blir nok ein times tid med venting, seier Holtet, med litt glimt i auget.

– Men det er trass alt ikkje så gale. Me har ferie, så om me sit her eller på terassen er ikkje så nøye. Og dei har vel blitt med på litt ting som me har hatt lyst til opp gjennom åra, held han fram.

Venting på garasjesal

...MEIR VENTING: Frå venstre: Sivert Schevig, Kim Remy Holtet og Halvard Johannessen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tett mellom plagga

Rett som det er må dei inn i klesjungelen for å holde ei bukse eller seia kva dei tykkjer («jodå, den er fin, den»).

Inne i garasjen til mamma og pappa Aaberge hang kleda tett. Det var bukser, gensarar, toppar, sko, pyntetilbehør og alt mogleg.

– Eg trur eg aldri har hatt så mange bukser i mitt liv som det er på det bordet der, seier Schevig, og ser på det eine bordet med eit blikk av undring og litt oppgittheit.


– Pappa har vore litt fortvila

– Det har blitt mykje klede opp gjennom åra. Når det er blitt fullt i skåpet i Oslo, har det blitt sendt heim, til pappa si store fortviling. Han spyla gledeleg garasjen då eg og Tale sa me skulle ha garasjesal, seier Tone Damli Aaberge med eit smil.

Ho anar ikkje kor mange plagg dei har lagt ut for sal.

– Men no når de sel unna så mykje, kor mykje er det att i skåpet?

– Det er no litt att endå. Men eg prøver å bli flinkare å tenkja over kva innkjøp eg gjer no når eg blir eldre. Det vart nok fleire impulskjøp då eg var yngre.

Sjølv om folk kjem jamnt og trutt, må det nok eit verkeleg storinnrykk til for om alt skal bli vekke.

– Me får nok ikkje solgt alt. Resten blir spart til eit seinare garasjesal og litt blir nok gitt til Fretex.

– Det kom jo ein del folk hit, hadde du trudd det?

– Me er kjempeglade for at det kom så mange! Og det kjem sikkert fleire utover ettermiddagen, sa Tone Damli Aaberge då underteikna snakka med ho klokka 14.50.

Ferdig!

– Skal me betala, då, eller? Ut mellom klesstativa kjem dei to betre halvdelane til Holtet og Schevig.

Ilva fekk tak i ein topp, ei bukse og ein gensar, og Marie fekk med seg ein kjole.

– Men eg skulle gjerne hatt eit skopar også, seier ho.

– Og så fekk me sjå både Tone og Markus (Foss, Tone sin sambuar, red.amn.), legg ho til og flirer litt.

– Var det vanskeleg å få med seg desse to? spør underteikna og nikkar hovudet i retning dei to mennene.

– Dei var vel ikkje heilt velvillige i starten, smiler Ilva.