Hopp til innhold

Får fem klager i veka på p-bøter

750 bileigarar fekk i løpet av fjoråret bøter for feilparkering ved Førde sentralsjukehus. Mange av dei klager på bøtene.

Parkeringsbevis ved sentralsjukehuset

MÅ HA P-BEVIS: Besøkande og pasientar ved Førde sentralsjukehus må ha ein slik lapp i frontruta for å parkere lovleg.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Bil utan p-bevis

UTAN P-LAPP: Ein skal ikkje leite lenge for å finne feilparkerte bilar ved sentralsjukehuset.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK
P-skilt ved Førde sentralsjukehus

29 SKILT: Ein skog av skilt informerer bilistane om parkeringsreglane.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

To år etter at det vart innført nye parkeringsreglar ved sjukehuset er feilparkering framleis eit stort problem.

– Vi har 29 skilt på området som skal vise kvar det er greitt å parkere, så det er litt merkeleg at folk ikkje oppfattar det, seier Terje Jan Nes ved avdeling for drift og eigedom i Helse Førde.

Eigne område

Sentralsjukehuset har om lagt 900 parkeringsplassar. Nokre av desse er reserverte for pasientar og besøkjande. Områda er skilta ved innkøyringa, og det heile skal ifølgje Helse Førde vere svært så oversiktleg. Men så enkelt er det ikkje.

I 2013 skreiv vaktene ut 750 bøter til bilar som mangla p-bevis. Og kvar veke får eigedomsforvaltar Karl-Eric Melander tilsendt om lag fem klager på denne typen bøter.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Førde sentralsjukehus 4

HAR 900 P-PLASSAR: Med 1800 tilsette, pasientar og besøkande er det kamp om plassane her ved Førde sentralsjukehus.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Køyrer på jobb

– Vi har etablert desse plassane for å vareta pasientane som har time på sjukehuset, seier Melander.

Melander og Nes hevdar at det er nok parkeringsplassar, men understrekar at det er ei utfordring når tilsette ved sjukehuset, som bur i nærleiken, vel å køyre på jobb.

– Nokre vil nok meine at det ikkje er tilstrekkeleg med parkeringsplassar, men når folk som bur i Vieåsen (like ved sjukehuset, jour. anm.) køyrer på jobb, er det klart det blir trongt om plassen, seier Nes.

– Folk les ikkje skilt

Parkerer du på nokre av dei regulerte områda utan å ha parkeringsbevis ventar ei bot på 300 kroner. Fleire av dei som tek imot desse bøtene klagar, men Nes understrekar at det er få som har god grunn.

– Folk som sender inn reaksjonar på bøtene peikar oftast på dårleg skilting, noko eg stiller meg uforståande til, seier han.

– Det verkar som folk ikkje les skilt, legg Melander til.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kine Rikstad

SLEIT MED Å FINNE PLASS: Kine Rikstad.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Fann ikkje parkering

Nes trur årsakene til at folk ikkje følgjer parkeringsreguleringa heng saman med at det er fri parkering elles i Førde.

– Folk er vande med at dei kan parkere der dei ynskjer når dei kjem til Førde, så det er nok litt utfordrande for folk å ta innover seg at det er annleis ved sjukehuset. Vi kjem nok aldri til å få slutt på bøtene.

Trass i parkeringsregulering og bøtelegging er det framleis vanskeleg for dei som har time på sjukehuset å finne parkeringsplass.

– Eg fann ikkje parkeringsplass og er allereie fem minutt for sein time, men eg har lagt på plass parkeringsbeviset, seier Kine Rikstad, før ho hastar mot sjukehuset...