Mange hus kan ikkje brukast etter flaumen

– Mange av husa som har fått flaumskadar i Flåm kan måtte flyttast om ein skal kunne bu der i framtida. Det seier Svein Arne Vågane i NVE etter folkemøtet i Aurland onsdag kveld.

Flåmselvi sine herjingar
Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eine hjørnet på skulen heng i lause lufta, såg det ut til frå lufta. Det er klart at du kan ikkje sende folk til ein slik skule uansett om ein har vegtilkomst eller ikkje.

Men i Flåm er vegen til skulen vekke, så det er uansett ikkje aktuelt å bruke skulehuset. Skulen og eit enno ukjent tal bustadhus må ha store reparasjonar før folk igjen kan vende tilbake til kvardagen. Fleire stader har flaumen greve ut grunnen under husa.

– Då kan det godt tenkast at ein må flytte husa og bygge dei opp at på ein sikrare plass.

Totalt 160 personar er evakuerte etter den voldsomme flaumen i Aurland. 143 av dei vart evakuerte i går kveld og natt, i områda frå Høgabru til og med Flåm sentrum.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Informasjonsmøte Aurland

FOLKEMØTE: Ordførar Noralv Distad informerte onsdag kveld om stoda etter storflaumen.

Foto: NRK

Informasjonsmøte

Onsdag kveld var det informasjonsmøte i Aurland etter flaumen. Knut Heggestad frå Flåm er ein av mange som ventar på å få kome heim og sjå skadane på eigedomen sin.


– Vi fekk jo ein del informasjon, og eg håpar at på informasjonsmøtet klokka 12 i Flåm i dag kan få meir informasjon om når vi kan få flytte heim igjen.

Heime hjå Heggestad står vatnet 40 centimeter opp i kjellaren.

– Alt i kjellaren er øydelagt, frysarar og alle slike ting som stod der. I tillegg hadde eg ein stor fin hage på eit par mål. Det har elva rasert alt så der må hagen byggast opp igjen, heilt frå muren ved elva og opp til huset.

På folkemøtet onsdag kveld vart klart ein del kan få flytte heim i torsdag, men kor mange er førebels ikkje heilt klart. Andre igjen må bu seg på å måtte vente lenge.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen sine herjingar.

Vil ta tid

–Folk må no rekne med at ting vil ta tid, seier Vågane. Vi skal ha ei synfaring i dag i det området som i til no ikkje har kunne frigi, så vil vi kome attende til det etter synfaringa.

– Vil det ta langt tid å få orden på det som det til no har fått rapportert inn?

– Ja, berre infrastrukturen vil ta tid. Det er blant anna to bruer som er heilt vekke, og ei bru er så skadd at den heilt klart ikkje kan køyrast på. Her vil det ta tid å få på plass ei varig løysing

– Kven skal betale for dette?

– Det kan ikkje eg seie så mykje om. Men det vi må gjere er å finne eit omtrentleg anslag for kva det vil koste og melde det inn til bevilgande styresmakter, så får ein sjå kva som kjem ut av det.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.