Hopp til innhold

Mange hundre samla seg til minnemarkering

Årdølene samla seg i ettermiddag til minnemarkering. Med eit stille alvor la dei frammøtte ned blomar og lys til minne om dei tre som mista livet på Valdresekspressen for eitt år sidan.

Med eit stille alvor la dei frammøtte ned blomar og lys til minne om dei tre som mista livet på Valdresekspressen for eitt år sidan.

MINNEMARKERING: I dag er det eitt år sidan tre personar miste livet på Valdresekspressen. I Årdal vart minnet etter dei tre heidra med lys og blomar. Foto/redigering: Halvor Farsund Storvik

Det vart ikkje sagt eitt ord under minnemarkeringa i Årdal i dag.

Flagget hang på halv stong utanfor rådhuset. Folk stod stille og såg korleis 1000-årssteinen vart fylt med lys og blomar.

Heidra sin avdøde kollega

TENTE LYS: Bussjåførar hadde møtt opp for å heidre sin avdøde kollega

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

På denne dagen i fjor vart Margaret Molland Sanden frå Årdal, bussjåfør Arve Kvernhaug frå Bagn i Valdres og svenske Brahim Khouya drepne av ein asylsøkjar på Valdresekspressen.

Markeringa starta klokka 16:25, som var tidspunktet då bussen forlèt bygda.

– Ei sterk markering

– Dette var ei markering som vi hadde planlagt saman med dei pårørande, seier ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

Han fortel at det var gripande å delta på minnemarkeringa.

– Det var mykje folk som møtte fram framfor rådhuset. Det var sterkt, og tankane gjekk tilbake til det som skjedde for eitt år sidan. Men eg tykte det var ei fin markering, seier Lægreid.

Etter markeringa framfor rådhuset vart det halde ei minnemarkering i kyrkja på Årdalstangen.

– Det var ei flott minnestund med song og minneord for dei tre som vart drepne. Det var ei flott markering, seier Lægreid.

Saknar deg

SÅRT SAKNA: Margaret Molland Sanden frå Årdal vart berre 19 år gammal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK