Hopp til innhold

Mange har for gamle brannsløkkingsapparat

I mange norske heimar står brannsløkkingsapparat som er utgått på dato. I verste fall kan du bli ståande med eit apparat som ikkje fungerer når det byrjar å brenne.

Feiar Reinhold Hoffmann på branntilsyn i ein bustad i Førde

UTGÅTT PÅ DATO: Skumapparatet feiar Reinhold Hoffmann ser på er frå 2009, og skulle ha vore på service i fjor. I praksis vel dei fleste å bytte ut for gamle apparat, fordi dette ofte er like billeg eller billegare enn å ha apparatet på service.

Foto: Anna Gytri / NRK

Feiar Reinhold Hoffmann i Førde går tilsyn i eit bustadfelt. Blant tinga han sjekkar er brannsløkkingsapparata. Altfor mange har apparat som er utgått på dato.

– Det er viktig at alle har apparat som er i orden, slik at dei kan hjelpe seg om noko skjer, er den enkle, men alvorlege bodskapen hans.

Kjem over 20 år gamle apparat

For brannsløkkingsapparat varer ikkje evig. Pulverapparat skal kontrollerast kvart femte år, og til service kvart tiande år. Skumapparat må ha service kvart femte år. Ofte er det like billig å kjøpe nye apparat som å ha dei på service.

På tilsynet i Førde konstaterer Hoffmann at skumapparatet i kjellaren er frå 2009, og dermed burde vore skifta i fjor.

At sløkkeapparat er utgått på dato med eitt år, er langt frå det verste feiarane ser. Dei verste tilfella er når dei kjem over apparat som er over 20 år gamle og ikkje har vore til kontroll eller service.

– Vi har også opplevd at folk kjem berande med nye apparat rett frå butikken når vi er på tilsyn, seier Hoffmann.

Brannsløkkingsapparat

FOR GAMALT: Det finst ei rekkje leverandørar av brannsløkkingsapparat, og merkinga av årstal er forskjellig. På dette er det merka både på toppen og i eit hjørne av etiketten.

Foto: Anna Gytri / NRK

Huseigarar veit for lite

Jon Berge, kommunikasjonsdirektør i forsikringsselskapet IF

VEIT FOR LITE: Ei undersøking IF gjorde i 2010 viste at mange har lite kunnskap om korleis brannsløkkingsapparat skal sjekkast og vedlikehaldast. Kommunikasjonsdirektør Jon Berge trur ikkje folk har blitt spesielt betre.

Foto: IF Skadeforsikring/Kilian Munch
Dagfinn Kalheim

TA DET PÅ ALVOR: Dagfinn Kalheim i Norsk Brannvernforening skulle ønske folk tok kontroll og service på brannsløkkingsapparat meir på alvor.

Foto: Norsk brannvernforening

Hos Norsk Brannvernforening og IF Skadeforsikring stadfestar dei inntrykket om at altfor mange har brannsløkkingsapparat som er utgått på dato.

Ei undersøking IF gjorde i 2010 viste at dei fleste ikkje kjenner reglane for kontroll og service, og at mange heller ikkje anar kor gamle sløkkeapparata er.

Informasjonsdirektør i IF, Jon Berge, trur ikkje folk har blitt flinkare.

– Alle som blir råka av brann seier dei ikkje trudde det skulle skje dei. Folk må slutte å tenkje slik, det er farleg. Dette med brannsløkkingsapparat er blodig alvor. Blir du ståande i ein situasjon der sløkkeapparatet ikkje fungerer, kan det blir alvorleg.

– Ta det på alvor

Også administrerande direktør Dagfinn Kalheim i Norsk Brannvernforening skulle ønskje folk tok dette meir alvorleg.

– Dei fleste brannar startar i det små, og kan handterast med eit fungerande sløkkeapparat.

Feiar Reinhold Hoffmann helsar på huseigar Linda Solsvik

POSITIVT: Huseigar Linda Solsvik er godt nøgd med å få besøk av feiaren. – Eg hadde ei aning om at apparata var for gamle, så no skal eg få bytta dei ut raskt, seier ho.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Men om apparatet sviktar har ein lite å hjelpe seg med, og då kan det utvikle seg til ein større brann, noko som kan bli meir enn dramatisk, seier han.

– Dei gjer heimane tryggare

På tilsynet i Førde konstaterer feiaren at begge skumapparata er for gamle.

Huseigar Linda Solsvik er oppteken av å vere sikra best mogleg, og set pris på besøket.

– Slik kan dei oppdage om folk har feil apparat, om dei er utgått på dato og at røykvarslarane er i orden. Dei er med å gjere heimane våre tryggare, seier ho.