NRK Meny
Normal

No får dei straum og telefon tilbake

– Målet er at alle i Lærdal skal få tilbake straumen ved hjelp av aggregat i løpet av dagen, seier distriktssjef for kraftforsyninga i fylket, Asgeir Aase.

Fullstendig utbrent

FULLSTENDIG UTBRENT: 23 hus blei heilt utbrente under storbrannen i Lærdal. Mange mista straum og telefon. Dette har ført til store utfordringar.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Asgeir Aase

JOBBAR FOR Å FÅ STRAUM TIL ALLE: Distriktssjef for kraftforsyninga i fylket, Asgeir Aase, seier målet er å skaffe straum til alle i løpet av dagen.

Foto: Johan Moen / NRK

400 husstandar er framleis utan straum og store delar av Lærdal sentrum er også utan mobildekning.

– Folk som har fått straumen tilbake, må ta omsyn og spare på straumen i området, seier Aase.

Jobba i heile natt

Fleire naudaggregat frå Sivilforsvaret og lokale energiselskap gjer at fleire har fått straumen tilbake. Alt tilgjengeleg mannskap var i natt i sving med innkopling og innfasing av aggregat. Likevel er rundt 1000 personar framleis utan straum

– Målet er at alle i Lærdal skal få tilbake straumen ved hjelp av aggregat i løpet av dagen, seier han.

Per Gullaksen, dagleg leiar i Lærdal Energi trur alle vil ha fått straumen tilbake i løpet av ettermiddagen måndag.

– Vi har fått inn mange aggregat i løpet av søndag kveld og natt, og fått montert desse ut i anlegget vårt, seier han til NRK.no.

Flammane tok e-verksanlegg

Det vil likevel ta tid før straumnettet er tilbake i normalt gjenge i den brannråka tettstaden.

– Det sentrale knutepunktet vårt i Lærdal var midt i brannområdet. Så det er hardt råka, og det er dette vi no jobbar med å få oppatt, parallelt med at vi prøver å få på aggregat for å kjøpe oss litt tid. Det er lite skader på infrastrukturen vår ut i distribusjonsnettet vårt.

– Kor lang tid vil det gå før eit vanleg stabilt straumforsyningsnett er tilbake?

– Vi snakkar nok om nokre dagar. I beste fall. Vi har ikkje fått kartlagt heilt kor ille dette er. Vi kom inn i området seint i går grunna gassfare og slikt. Vi har både brannskader og sotskader i sekundærstasjonen vår. Så det er snakk om ein god del dagar før vi er permanent tilbake.

Gullaksen seier dei i tillegg til aggregata håpar å få på plass meir stabile, mellombelse løysingar.

Mobildekning i sentrum

Bjørn Amundsen

FLEIRE HAR FÅTT MOBILDEKNING: Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor seier dei fekk opp ein basestasjon på Lærdalsøyri i 22:30-tida søndag kveld.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

Framleis er store delar av Lærdal utan fasttelefon og mobildekning. Men dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor seier dei fekk opp ein basestasjon på Lærdalsøyri i 22:30-tida søndag kveld.

– Denne stasjonen dekkjer sjølve Lærdal sentrum og vi har fått opp 2G og 3G-nettet, seier han.

Teleselskapet har også fått ei beredskapsvogn og ei konteinar-løysing på plass i bygda. Beredskapsvogna blei plassert på branntomta, men mannskapet måtte avslutte arbeidet fordi det var for mykje vind i området.

– Det flaug gjenstandar gjennom lufta og vi måtte tenkje eigen tryggleik. Vi held fram med dette arbeidet så snart det er forsvarleg å arbeide rundt den igjen. Når den er oppe, mangedoblar vi kapasiteten vi har i dag.

Krevjande døgn

Det blir også jobba på spreng med å få på plass konteinaren med utstyr som skal erstatte den nedbrente telesentralen i Lærdal. Amundsen veit ikkje om det er snakk om dagar eller timar før den er oppe.

– Då vil vi ha reetablert både internett og dei andre basestasjonar i området, seier han.

Telenor har 454 enkeltabonnentar som ikkje har fått tilbake fasttelefonen. Kor mange som ikkje har mobildekning er vanskeleg å anslå, seier Amundsen.

– Dei som er i området rundt Lærdalsøyri har fått tilbake mobildekninga, dei andre har det ikkje, seier han.

– Kor krevjande er jobben med å få gjenoppretta kommunikasjonen i Lærdal?

– Dette er ein dette er ein krevjande prosess, difor sette vi kriseleiing i Telenor veldig tidleg. Det siste døgnet har vi jobba med å konfiguere konteinar-løysinga. No blir utfordring å kople den på fibernettet som er brent opp. Det har vore eit krevjande døgn for alle som er involverte.

Sette kriseleiing tidleg

Amundsen seier at uveret Dagmar lærte dei å setje kriseleiing tidleg.

– Vi har lært mykje og fekk tidleg ut aggregat. Vi starta straks med å klargjere mobilvogna og konteinarar. Slike kriser må handterast som krise også i leiinga.

– Telesentralen i Lærdal brann ned, burde ikkje den vore brannsikker?

– Når vi ser bileta frå Lærdal, ser vi at denne bygningen saman med mange andre er heilt borte og kablar er brente opp. Skulle vi vore heilt sikre, måtte vi hatt fjellhall og det har vi ikkje i Lærdal.

Har sett opp trådlaust punkt

Sognenett har sett opp eit trådlaust punkt i Lærdal der innbyggarane, arbeidarar og personar som har behov kan få internett tilgang.

– Tilgangen er kostnadsfri, og meint som ei teneste for å hjelpe til på den beste måten Sognenett kan bidra. Nettet er tilgjengeleg i ei sona rundt/utanfor Lærdal Energi sitt bygg i sentrum, opplyser selskapet.

Politiet veit førebels ikkje kva som er årsak til brannen i Lærdal natt til søndag. 23 bygningar brann ned til grunnen, mellom anna 16 bustadhus. Det var fare for at brannen kunne blusse opp igjen i natt, og gjennom natta har 70 personar vakta brannområdet

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast