Silogass var årsaka til at tre eldre søsken i fjor mista livet i Stardalen i Jølster. Siloen deira mangla ei vifte som kunne blåse frisk luft ned i siloen. Etter ulukka var det kø hos dei som sel slike vifter, men langt frå alle tok åtvaringa på alvor.
Kostar 3000 kroner
Av 42 kontrollerte gardsbruk i Hardanger, Voss og Indre Sogn mangla det vifter på åtte gardar, sjølv om årets siloslått var i gang, seier Pål Erdal i Arbeidstilsynet. Han synest det er urovekkande at ikkje fleire har brukt 3000 kroner på ei slik vifte.
No får bøndene som manglar vifte pålegg om å skaffe seg det. Kontrollane held fram, og Pål Erdal håpar han slepp å møte fleire siloar utan den billege livsforsikringa.