Det er Norsk kulturarv som står bak prosjektet Ta eit tak, som er eit supplement til det statlege kulturminnevernet. Prosjektleiar Trude Lillevik fortel at Sogn og Fjordane har fått ein stor del av dei totale midlane, så mykje som ti prosent.
- Trygt og godt i nokre år til
- Folk i dette fylket har vore flinke til å søke om pengar til å ta vare på gamle bygningar. - Dette gjer at det no er bortimot 200 hus som står trygt og godt iallfall nokre år til, seier Lillevik.