Hopp til innhold

Mange fruktbønder får erstatning

Den våte sommaren er svært dårleg nytt også for fruktbøndene. Enkelte varslar tap på fleire hundre tusen kroner.

Norske eple frå Leikanger

LITE: Etter ein dårleg sommar har det blitt lite av dei fine norske epla i butikkane. Mange bønder taper fleire hundre tusen kroner.

Foto: NRK

Først vart vinteren svært kald og mange vart råka av frostskadar. Så kom ein sur, kald og våt sommar. Når bøndene kom til innhaustinga vart det for mange eit trist syn.

Det dårlege vêret har rett og slett øydelagt for mange. Fruktbonde Terje Fosshagen på Leikanger i Sogn og Fjordane er blant dei som har store tap.

– For meg kan det vere snakk om tap på opp mot 300 000 kroner, seier Fosshagen til NRK.no.

Bønder over heile Sør-Norge er råka

Han er ein av fleire bønder som opplever at ein våt sommar med låge temperaturar gir ein katastrofesesong for frukt. Omsetninga er langt lågare enn vanleg.

– Eg har kanskje fått frukt som svarar til 10–15 prosent av ein brukbar sesong, så dette pregar meg sjølvsagt økonomisk, seier Fosshagen.

I tillegg til at avlinga har blitt mindre, har også mykje av epla blitt angripne av sopp, såkalla skurv. Og historia til Fosshagen er langt ifrå eineståande.

På store delar av Vestlandet, Sørlandet og Austlandet har bønder hatt dårlege avlingar denne hausten. I tillegg til ein særdeles dårleg frukthaust, har fleire bønder måtte kvitte seg med dyr fordi dei har for lite fôr. På Austlandet har dei opplevd den verste kornhausten i manns minne.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Måtte slakte 20 dyr på grunn av formangel

FORMANGEL: Bonden i Gaular måtte slakte 20 dyr fordi han ikkje har mat til alle etter den tøffe sommaren.

– 100 millionar i erstatning

Statens landbruksforvaltning oppmodar bønder som har hatt store tap på grunn av det dårlege vêret om å søkje erstatning.

– Dei som har hatt tap som er større enn 30 prosent av ei normalavling kan søkje om erstatning, forklarar Gunn Eide som er seksjonssjef ved landbruksforvaltninga.

Ho fortel at dei i år førebudd seg på å betale ut store summar til bønder over heile landet. Både dei som driv med frukt og bær, dyrehald og anna matproduksjon har blitt hardt råka.

– Vi reknar med at 2011 blir eit av åra der vi ser store tap og store erstatningsutbetalingar. For landet under eitt kan vi kome til å betale ut over 100 millionar kroner i erstatning til bønder som har hatt tap som følgje av klimatiske forhold, seier Eide til NRK.no.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 54f38a6a-fe88-445b-ac73-11e4bf9d649a.jpg

KORN: Avlingane druknar på rot, og fleire stader fryktar ein for framtida.

– Dette må endre seg

Fosshagen og andre bønder kan dermed trøste seg med at dei får noko erstatning etter den dårlege sesongen.

Men Fosshagen ønskjer seg aller mest ein betre sesong neste år.

– Vi får håpe at det blir betre neste år, om ikkje er ikkje dette liv laga. Eg tåler ikkje mange slike sesongar, seier Fosshagen.