Hopp til innhold

Mange framleis ikkje i arbeid

Mange av dei tilsette ved Terina i Sogndal er ikkje i arbeid, sjølv om verksemda har fått løyve til å starte opp store deler av pølseproduksjonen igjen etter e-coli- mistanken.

Terina har fått løyve til å produsere alle type pølser bortsett frå spekepølsene der den farlege bakterien er funne.

 

Grethe Skundberg, informasjonssjef i Gilde.
Foto: NRK

Informasjonssjef i Gilde Vest, Grete Skundberg, seier det likevel er for tidleg å seie om det betyr auka sysselsetjing ved anlegget.

-40 prosent har vore sysselsett i denne perioden, men konkret kor mykje oppstarten av pølseprodukjonen har å seie for sysselsettinga må vi kome tilbake til.

No må vi bruke helga og kanskje påska til å planlegge og sjå konsekvensen av det som har skjedd dei siste to vekene, seier informasjonssjef i Gilde Vest, Grethe Skundberg.

Fredag la Mattilsynet ned nytt forbod mot å selje fleire typar spekemat produsert ved anlegget i Sogndal.