Mange fleire aksjonar i fjellet

Luster Røde Kors hjelpekorps har til no i år hatt 22 redningsaksjonar i fjellet, skriv Sogn Avis. I heile fjor var det til samanlikning 17 aksjonar.

Leiar i hjelpekorpset, Ove Fortun, forklarar auken med at det er fleire som går på fjelltur. Dei fleste aksjonane har vore på Sognefjellet og i Hurrungane, mange av dei for å hjelpe vanlege fotturistar som har feilrekna kor lang tid dei brukar på turen.