Hopp til innhold

Mange fekk bøter i Sogn

Under ein kontroll på riksveg 55 laurdag fekk ni førarar bøter for å ha køyrt for fort i ei 60-sone. Høgste hastigheit var 79 kilometer i timen. To førarar fekk bot for bruk av håndheldt mobil, to brukte ikkje bilbelte, og to førarar hadde gløymt førarkortet.