NRK Meny

Mange får sosialhjelp i Førde

Langt fleire enn venta tek imot sosialhjelp i Førde kommune, og administrasjonen har ikkje noko forklaring på kvifor det er slik. Det skriv Firda i dag. Budsjettposten knytt til slik utbetaling har vore sterkt aukande, og i 2017 ligg det an til eit overforbruk på tre millionar kroner. – Det er veldig ubehageleg, seier rådmann Ole John Østenstad til avisa. Han peikar på at kommunen ikkje har høg arbeidsløyse, og at dei har gode tiltak for dei under 30 år.

Ole John Østenstad
Foto: Guro Kvalnes / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.