Pondus-laget frå Fjaler har også tapt begge dei innleiande kampane i år med eitt mål. Fredag kveld kjem tabelltoar Høyang på besøk til Dingemoen og Dale-trenar Stian Neset vil ha slutt på tapstatistikken.
- Mange personlege feil
- Vi var ikkje dyktige nok i dei to første kampane i år, det har blitt for mange personlege feil. Kva som gjer det veit eg ikkje, men det er iallfall ikkje ein statistikk eg har lyst å halde fram med.
I fjor tapte Dale 15 av kampane i 3. divisjon, heile sju av dei enda altså med eittmålstap, mellom anna begge oppgjera mot kveldens motstandar, Høyang.
- I begge kampane i fjor burde vi absolutt hatt med oss poeng, denne gongen skal vi greie det, helst tre poeng, seier Neset.
Motstandaren har vore betre
Dale har tapt 1-0 for Tornado Måløy og 3-2 for nyopprykte Selje i seriestarten i år, rett og slett fordi motstandarane har vore betre.
Dale er eitt av tre lag som er poenglause etter dei to innleiande kampane i tredjedivisjon. Stian Neset håpar at godt spel mot Høyang fredag kveld, vil gje utteljing på tabellen.