Hopp til innhold

Mange bruksforbod

Ved ein kontroll Statens vegvesen hadde i Førde og som varde til klokka 01.30 i natt fekk tre tyngre køyretøy bruksforbod på grunn av overlast. Eit anna fekk bruksforbod på grunn av umerka utstikkande last, eitt vogntog fekk bruksforbod for manglande ABS-bremsar på tilhengar, og eitt køyretøy vart avskilta på grunn av manglande periodisk køyretøykontroll og ubetalt årsavgift. I alt 41 bilar vart kontrollerte.