Hopp til innhold

Mange born på krisesenteret

Så langt i år har det vore dobbelt så mange born på krisesenteret i Sogn og Fjordane, samanlikna med same periode i fjor.

Utsatt for vold

No er det ikkje lenger berre mor som skal få tilrettelagt hjelp på krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Foto: Colourbox.no

For krisesenteret betyr det ei ekstra utfordring å skulle ta seg av born som har opplevd vald eller mishandling i heimen.

– Å vera vitne til vald, er vel så skadeleg som det å vera utsatt sjølv. Tidlegare var hjelpa retta mot mor, men no må fokuset også rettast mot borna, seier dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland.

Krisesenteret har difor tilsett ein person med barnefagleg bakgrunn i full stilling til å ta seg av borna. Personen skal vera med å legge til rette aktivitetar og ulike hjelpetiltak for borna.