Dette er ikkje uventa for forskar Eivind Brendehaug i Vestlandsforsking.
Kravet om dokumentasjon av matproduksjonen vert stadig sterkare. Og mange andre land er komne mykje lengre enn Noreg med slike krav og kontroll av at krava vert fylgde.
Alt i 2003 sa Landbruksdepartementet at alle norske bønder burde vere med i Kvalitetssystemet i landbruket - KSL.
Men i snitt er framleis berre 68% av dei norske bøndene som får produksjonstilskot med, og i Sogn og Fjordane er talet kring 63%.
Stadig fleire store landbruksbedrifter som Tine og Gilde gjev pristillegg for kvalitetssikring. Og i Vestlandsforsking trur dei at slik dokumantasjon snart vert obligatorisk.