Hopp til innhold

Mange blir lurde av telefon-app – Rita trudde ho vart forsøkt svindla

– Alarmklokkene byrja å ringe, seier Rita Bjørk. Men det ho trudde var telefonsvindel, viste seg å vere ein spøk. Dei siste månadene har mange kontakta Telenor etter å ha blitt utsett for det same.

Rita Bjørk

VART MISTENKSAM: Rita Bjørk jobbar hjå Direktoratet for forvaltning og IKT i Leikanger. Ho har høyrt fleire historier om folk som har blitt forsøkt svindla over telefonen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Ei dame ringde og sa ho var frå juridisk avdeling i forsikringsselskapet. Ho sa at eg hadde køyrt for fort i tettbygd strok og hadde ei uteståande bot. Då byrja alarmklokkene å ringe, seier Rita Bjørk.

Nummeret ho vart ringt opp frå var norsk og kvinna i telefonen snakka sunnmørsdialekt. Bjørk jobbar i Direktoratet for forvaltning og IKT i Leikanger og veit at svindelforsøk over telefon og nett er vanleg.

– Det høyrdest ut som det ho sa var spelt inn på førehand, for det var ikkje mogleg å stille spørsmål tilbake. Det var ei ubehageleg oppleving, seier Bjørk.

Falsk oppringning

UKJENT NUMMER: Ei av orsakene til at Bjørk trudde det var svindel var fordi ho først vart ringt opp av eit utanlandsk nummer.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Mange har kontakta Telenor

Men det Bjørk trudde var svindel, meiner sikkerheitsrådgjevar i Telenor, Are Myklebust, kan vere noko heilt anna. Dei siste månadane har dei fått mange meldingar frå folk med liknande historier.

Are Myklebust

ULOVLEG: Are Myklebust i Telenor seier at slike appar brukar norske nummer ulovleg.

Foto: Telenor

– Dette høyrest ut som om ho har blitt utsett for ein app som brukast til å lure folk. Mange har ringt inn til oss og trudd at dei har vore utsett for svindel, men så er det dette i staden, seier Myklebust.

Ifølgje Myklebust kan ein laste ned ein app på telefonen, som kan nyttast til å bestille falske telefonsamtalar til andre. Desse samtalane blir ringt opp frå norske telefonnummer. Appen gjer det mogleg å velje mellom ulike meldingar som ein kan sende til mottakaren.

Ulovleg bruk av nummer

– Dette er ulovleg bruk av norske telefonnummer. Vi sperrar nummera når vi blir klar over kva telefonnummer dei brukar. Men då er problemet at dei byt nummer ganske raskt, seier Myklebust.

Rita Bjørk skjønnar ikkje poenget med slike appar.

– Det er på kanten å spøkje med slike ting. I alle fall når ein ikkje gjer seg til kjenne i etterkant. Eg tykkjer ikkje dette er greitt å drive på med, seier ho.