NRK Meny
Normal

Må seie nei til barnefamiliar som vil på ferie

Familiane har ikkje sjølve råd til å reise på ferie. Rundt 1450 barn og vaksne rundt om kring i landet står no på venteliste for å få vere med på gratis ferieopphald.

Ferie for alle, bilete frå ein leir i Sogn og Fjordane i 2016

MINNER FOR LIVET: Mange av barna som deltek på Ferie for alle har til dømes aldri vore med ut i båt tidlegare. Når ferieveka nærmar seg slutten fortel dei frivillige i Røde Kors om mange glade og fornøgde barn og vaksne. Biletet er frå ein leir i Fjaler i Sogn og Fjordane i fjor sommar.

Foto: Røde Kors

Røde Kors sine ferieleirar «Ferie for alle» er eit tilbod til familiar som strevar økonomisk. Stadig fleire barn i Norge veks opp i familiar med låg inntekt, og Røde Kors opplever stor pågang på ferietilbodet sitt.

Dei jobbar no med å tildele plassane til dei 52 ulike ferieleirane, der rundt 2400 barn og vaksne får plass. Men også i år er kapasiteten sprengt.

– Vi har dessverre ikkje kapasitet til å ta inn alle, seier Kristina Rickfelt som er fagansvarleg for «Ferie for alle» i Norges Røde Kors.

– Dei med størst behov får tilbod

Lis Maria Munkvold er tilretteleggar for ferieleirane i Sogn og Fjordane Røde Kors

MINNE FOR LIVET: – Dei gongane vi har hatt aktivitetar med hest og vogn, er det mange barn og unge som aldri har sett ein hest før. Dei er ofte veldig forundra berre over korleis det luktar av ein hest, fortel Lis Maria Munkvold i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors

Berre i Sogn og Fjordane var det i år nesten 400 vaksne og barn som søkte om å få reise på ferie. Det er ikkje familiane sjølve som søker, men til dømes NAV eller helsestasjonen i kommunane der dei bur.

– Med så mange søkarar til tilbodet er vi heilt avhengige av at kommunane gjer ei prioritering. Slik kan vi ta med dei familiane som har størst behov, seier tilretteleggar for «Ferie for alle» i Sogn og Fjordane, Lis Maria Munkvold.

Munkvold seier det ikkje er tvil om at feriane gir både barna og familiane minne for livet.

– Vi har barn som til dømes aldri har vore i basseng før, og som ikkje kan symje. I løpet av ferieveka blir dei trygge i vatn og lærer seg gjerne å symje.

– Må avgrense det

Kristina Rikcfelt, fagansvarleg for Ferie for alle i Norges Røde Kors

VIKTIG TILBOD: – Det er viktig å hugse på at familiane vi tek med på Ferie for alle har ikkje moglegheit til å reise på ferie sjølv. Dei vil, men har ikkje moglegheit, og difor får dei reise med oss, seier Kristina Rickfelt i Norges Røde Kors.

Foto: Røde Kors

Det er rundt 300 frivillige i sving på dei 52 forskjellige ferieleirane i år. Kristina Rickfelt seier det er viktig å gje dei som får vere med på feriane eit godt tilbod.

– Det viktigaste for Røde Kors er at alle barna som reiser på ferie med oss får ein god ferie. At dei blir sett og møtt av trygge vaksne og at familiane har det moro saman. Då må vi avgrense kor mange som får reise på kvar leir.

Dei som ikkje får plass kan vere med på andre lokale arrangement med lokallaga til Røde Kors, seier Rickfelt.

I tillegg finst det andre aktivitetar rundt om kring i kommunane, og ein har tidlegare sett at privatpersonar vil leige ut hytter og hus gratis eller sponse ferie for familiar som ikkje har råd sjølv.

– Det er kjempeflott at privatpersonar ønskjer å bidra. Unicef har sett dette i system med nettstaden feriesentralen.no, og vi oppmodar alle som vil bidra om å registrere seg der. Vi oppmodar alltid vaksne til å vere rause og inkluderande. Inviter gjerne andre med på turar og opplevingar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.