NRK Meny
Normal

Mange avstår frå å ta influensavaksine, men ikkje i Sogn og Fjordane

På landsbasis vel 80 prosent av dei eldre å ikkje vaksinere seg mot influensa, trass i anbefalingar frå helsestyresmaktene. I Sogn og Fjordane derimot, er fleirtalet positive.

Viktig med vaksine

VIKTIG MED VAKSINE: – Som drosjesjåfør omgår eg mykje sjuke folk. Då er det viktig at eg ikkje smittar andre, fortel Jon Yndestad. Tove Aarberg ved Gaular legesenter melder om stor trafikk av folk som ynskjer å vaksinere seg.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Me har hatt stor pågang. Dei 600 dosane me hadde i utgangspunktet er det ikkje mange att av, fortel leiande helsesyster i Stryn, Britt Tomasgard.

Legesentera i fleire kommunar i fylket er nøgde med vaksinedekninga. Folk i risikogruppa står fram som positive til vaksinen.

Dette til forskjell frå landet elles, der mange ikkje let seg vaksinere.

Stor pågang

På landsbasis vel nemleg 4 av 5 over 65 år å avstå frå å ta influensavaksine, trass i anbefalingar frå Folkehelseinstituttet og helsepersonell.

Etter det NRK erfarer, er derimot fleirtalet av folk i risikogruppa her i fylket positive til influensavaksinasjon. Kommunane me har vore i prat med har opplevd stor pågang i haust.

Heldt seg fri frå influensa

FRI FRÅ INFLUENSA: Sigrid og Helge Øksland har teke influensavaksine fleire gonger tidlegare. – Eg har ikkje hatt influensa sidan då, og ser ikkje noko minus med å ta den, fortel Helge Øksland.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Her i Florø verkar dei fleste eldre positive, og vel å ta vaksinen kvart år. Difor har vi god dekning her i kommunen. Eg vil anta at om lag 75 prosent av mine pasientar som høyrer til risikogruppa har teke vaksinen, fortel fastlege Kjell Arne Nordgård.

Skil seg frå resten av landet

Også i Sogndal er dei nøgde.

– Folk er positive og ser eit poeng i det å vaksinere seg. Me bestilte 500 vaksinar og har i underkant av 50 att, fortel kommunelege Jan Ove Tryti.

– Har du inntrykk av at det er fleire som vaksinerer seg i Sogn enn på landsbasis?

– Eg har ingen tal, men eg har inntrykk av at det er langt fleire enn 20 prosent som let seg vaksinere.

Anbefaler alle å ta vaksinen

I Gaular er det no vaksinasjonsveke. Det er difor travle dagar for kommunelege Kjetil Hatteland. Mange er innom for å vaksinere seg, men det kunne også vore fleire, meiner han.

Kommunelege i Gaular Kjetil Hatteland.

TRAVKE DAGAR: Kommunelege i Gaular, Kjetil Hatteland, seier dei har stor pågang.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Me anbefaler alle i risikogruppa å ta vaksinen. Dette fordi dei har ein auka risiko for sjukdom og for å bli sjukare og få komplikasjonar av influensa.

Han legg til at det er ulike årsaker til at enkelte avstår frå å ta vaksinen.

– Mange av dei har ikkje opplevd å bli sjuke tidlegare, og tenkjer at det går bra denne gongen også, seier Hatteland.

Har tiltru til anbefalingar

Kvart år døyr 900 personar av influensa. Ei vaksine gjev vern til 50-80 prosent av dei vaksinerte. Eldre har ikkje like stor effekt av vaksinen, men han gjev merkbart lågare risiko.

– Biverknadane er få og svært sjeldne. Eg opplever at folk har eit nøkternt forhold til denne vaksinen. Dei har tiltru til Folkehelseinstituttet og helsepersonell sine dokumenterte anbefalingar, seier Hatteland.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser