Ut over hausten har det blitt gjort så mange funn at fylkeskulturkontoret har blitt nøydde til leige inn ekstra hjelp til alle registreringane, seier Moberg.
Ei forklaring på at funna er blitt fleire dei seinare åra er måten registreringane blir gjort på. Medan ein tidligare meir gjorde stikkprøver - grev ein no av store område med maskiner.
I tillegg blir det gjort mange funn i samband med vegarbeid slik som i Borgund, der det er gjort svært mange funn i år. Under kyrkjegardsutvidingane i Olden og Loen, fann dei og funn frå middelalderen.