Hopp til innhold

Malick Mane: – Dersom eg får kontrakt, so reiser eg,

– Tyrkiske Konyaspor har vore i prat med meg og Sogndal Fotball, seier Malick Mane.
– Detaljar og slike ting, det...., ehm, det er interesse rundt han, er alt sportselg leiar Håvard Flo vil seia til det.

Malick Mane mot Hønefoss

GOD KAMP: Nok ein gong vart Malick Mane kåra til dagens sogndalspelar av heimepublikummet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Malick Mane spelte nok ein god kamp for Sogndal mot Hønefoss laurdag , og vart nok ein gong kåra til dagens sogndalspelar av heimepublikummet.

Tyrkisk fotball neste?

Det har vore ute i det opne ei stund at klubbar frå Tyrkia og Belgia har vore interesserte i Mane. No seier han sjølv at den tyrkiske klubben Konyaspor har vore i prat med Sogndal fotball.

– Dei var i Sogndal i går (fredag) for å snakke med Sogndal fotball, seier lynvingen.

Også ein fransk klubb skal, etter det Mane seier sjølv, vera interesserte å signaturen hans.

– Vil du vekk frå Sogndal?

– Dersom eg får kontrakt og det er greit for Sogndal, so reiser eg, seier Mane.

– Kva klubb vil du helst reisa til?

– Eg vil helst til Tyrkia.

Sportssjefen i Konyaspor var i Sandnes og såg kampen mellom Sandnes Ulf og Sogndal førre helg.

Dei bekrefta til Sandnesposten at dei såg på Mane.

Klubben vil ikkje bekrefta noko

– Det er heilt korrekt at det er utanlandske klubbar som forhøyrer seg og ser på moglegheita for å henta han, men det er ingenting konkret, seier sportsleg leiar i Sogndal fotball, Håvard Flo.

Håvard Flo

VIL IKKJE AVSLØRA NOKO: Sportsleg leiar Håvard Flo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men han vil verken bekrefta eller avkrefta at Konyaspor har vore i kontakt med Sogndal.

– Detaljar rundt og ting og tang, det..., ehm, det er interesse rundt Mane, seier Flo.

– Har klubbar vore i direkte kontakt med Sogndal fotball?

– Det kan godt hende, seier Flo.

– Mane seier han reiser dersom han får kontrakt og det er greit for Sogndal. Er det greit for Sogndal?

– Det får me sjå. Det er heilt opp til tilbod og etterspurnad og slike ting. Men det er ikkje nokon hemmelegheit at det er interesse rundt han. Det er heilt naturleg at det blir interesse rundt han etter den gode vårsesongen hans, og det tykkjer me er kjempekjekt.