Hopp til innhold

Mane skiftar trøye - går til IFK Göteborg

Den senegaleriske fotballspelaren Malick Mane vart i ettermiddag presentert som ny spelar for IFK Göteborg. Mane har teikna ein fireårsavtale med den svenske klubben.

Malick Mane

NYE SJANSAR: Malick Mane byter ut den svarte og kvite trøya til Sogndal med IFK Göteborg si blå og kvite.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Senegalesaren har spelt 59 kampar og scora 12 mål for Sogndal, men no har han spelt sin siste kamp.

– Eg er veldig glad, spesielt på Mane sine vegner. Han har gjort ein kjempefin jobb hjå oss dei siste åra, og når moglegheita no kom, så er det ein flott sjanse for han til å ta eit nytt steg i karrieren sin, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo til NRK.no.

Salet av Mane har gitt klingande mynt i Sogndal-kassa, men nøyaktig kor mykje, vil ikkje Flo uttale seg om.

– Eg kommenterer aldri tal når det gjeld overgangar, men salet av Mane er gjort etter ei totalvurdering, og då er også økonomi ein del av det, seier Flo.

Mane vart presentert på ein pressekonferanse hjå den svenske klubben i ettermiddag.

– Sterk, kjapp og ein spelar vi har halde auge med over lang tid, seier sportssjef i IKF Göteborg, Håkan Mild til ifkgoteborg.se.

Har vore viktig for Sogndal

Flo peikar på at Mane har vore ein viktig spelar for Sogndal, med sin kjappe spelestil.

– Mane har sett sitt preg på Sogndal i den tida han har vore her. Han har gjort sakene sine bra, sjølv om det også har vore nedturar. Men han har vore ein flott bidragsytar i klubben, seier Flo.

Håvard Flo

FJØR I HATTEN: Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, meiner salet av Malick Mane er nok ei suksesshistorie for Sogndal Fotball.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han er ikkje uroa over at midtbanejuvelen no forlet Sogndal

– Dette er nok ei flott historie, og det er ei fjør i hatten også for Sogndal Fotball. Mane kom til oss på eit tidspunkt der han stod litt fast. Han har fått pusta nytt liv i karriera, og har jobba målretta her, før han no dreg vidare, seier Flo.

Han understrekar at Sogndal skal vere ein utviklingsklubb, og at han ikkje ser på det som negativt at Mane no gjer svenske av seg.

– Når tida er moden, og det passar for alle partar, så skal spelarane vidare. Vi er ekstremt glade på Mane sine vegner, og det er eit fint eksempel på det vi står for som klubb, seier Flo.

Trur fleire vil ta Manes posisjon

– Når vi tek ei slik avgjerd om å selje ein spelar som har betydd mykje for laget, så er det godt gjennomtenkt. Vi evnar å sjå framover i tid, og vi har spelarar i troppen som skal få sjanse til å utvikle seg, seier Flo.

Han peikar på at det no er store moglegheiter for det.

– Vi har mange spennande typar som kan kle Mane sin posisjon som midtbane/angripar. Det er nedfelt i strategien vår at vi skal utvikle spelarar for at vi kan selje dei, slik at vi kan utvikle både klubben og sporten, seier Flo.

– Vi har ein veldig fin tropp no. Med ein liten retningsendring på måten vi spelar på, så ser vi at spelarane responderer godt. Eg er viss på at vi skal klare oss bra, seier Flo.

Han peikar på at innimellom må dei utfordre seg sjølve.

– Ein må ha turn-over og inntektsgrunnlag for å utvikle klubben vidare, samt at ein ikkje kan verte statisk. Ikkje heile tida vere i komfort-sona, seier Flo.

Midtbanespelaren Gilbert Koomson var på utlån til Sogndal ei stund i fjor, men Flo avkreftar at det er ein avtale på trappene mellom dei.

– Han er tilbake i Thailand, og per no er det ingen tankar rundt han, seier Flo.

Har set på Mane før

Håkan Mild i IFK Göteborg meiner Mane har stort potensial.

– Vi har sett Malick fleire gonger, men har ikkje tidlegare hatt moglegheita til å hente han. No kom sjansen, og det er vi veldig glade for. Det er ein sterk og rask spelar som har gjort det veldig bra i Norge så langt, og som vi ser stort potensial i, seier Mild.

Flo nyttar høvet til å takke Mane for tida i Sogndal.

– Han har vore ein viktig bidragsytar til lagets utvikling, seier Flo.

– Vi er nøgde med at han får den fine moglegheita i ein flott klubb som IFK. Vi er sikre på at han vil ta nye steg og setje sitt preg i Sverige, seier Flo.