Hopp til innhold

Tyrkiske medier: Arbeidet med overgang for Mane skal vere i full gong

Også tyrkiskie medier spekulerar no i om arbeidet med ein overgang for Sogndal-profilen Malick Mane er i gang.

Malick Mane

PÅ VEG VEKK: Sogndal sin 'lynving', Malick Mane, kan havne i Tyrkia.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ifølgje fleire tyrkiske medier kan eit sal av Mane vere like rundt hjørnet. Overgangsvindauga opnar 15. juli.

Det er den nyopprykka klubben Konyaspor som jaktar den senegalesiske spelaren, som har gjort stor suksess i Sogndal-drakta dei siste sesongane.

– Det er ein stor sjanse for overgang, og Mane ønskjer sjølv sterkt å kome til Konya, melder tyrkisk media.

Mane har sølv uttrykt eit ønskje om å forlate Sogndal til fordel fort tyrkisk toppfotball

Det har vore ute i det opne ei stund at klubbar frå Tyrkia og Belgia har vore interesserte i Mane.

Han har sjølv sagt at den tyrkiske klubben Konyaspor har vore i prat med Sogndal fotball.

– Dersom eg får kontrakt og det er greit for Sogndal, so reiser eg, sa Mane til NRK nyleg.

– Kva klubb vil du helst reisa til?

– Eg vil helst til Tyrkia.