Hopp til innhold

Måndag må piggdekka eigentleg av

Lova seier at første måndag etter 2. påskedag skal piggdekka av. Men kva gjer du når påska er i mars og det fell snø langt ut i april?

Piggdekk 2

MED PIGGANE UTE: Kor lenge kan ein køyre med piggdekk?

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

– Det viktigaste er at ein skor bilen etter føre. Vi bøtelegg ikkje bilistar med piggdekk når det er snø ute, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Politidistrikt Vest.

Ifølge forskriftene skal piggdekka av måndag 4. april i år. I dei tre nordlegaste fylka våre er det 1. mai som gjeld. I utgangspunktet risikerer du å få bot dersom du køyrer med piggdekk etter desse datoane.

Samstundes seier vegtrafikklova at ein kvar førar har ansvar for å sjå til at bilen har tilstrekkeleg veggrep og er skodd etter forholda. Det vil seie at du sjølv må vurdere føret før du legg om til piggfritt.

Operasjonsleiar Rimmen seier at politiet ikkje kjem til å bøtelegge nokon den nærmaste veka, og at dei vil vise forståing ved høve der ein skal køyre over fjellovergangar og liknande stadar der det er dårleg føre.

– Det vert mykje kaffidrikking

På Førde Vulk er dei ekspertar på å legge om dekk, og dei har økt bemanninga for å ta unna kundar i den hektiske dekkskifte-sesongen. Tidlegare denne veka gjekk dekkskifta slag i slag, men i dag er det stille på verkstaden.

Stille på Førde Vulk

ROLEGE DAGAR: Jan Magne Snildal (t.v) og Åsmund Holsen på Førde Vulk

Foto: Martha Våge / NRK

– Vi har hatt mange avbestillingar i dag og dagane framover. Folk skjøner at dei ikkje kan legge om til sommardekk når det snøvar ute, seier seljar Åsmund Holsen.

Arbeidsleiar på verkstaden, Jan Magne Snildal, rår folk til å vente med å legge om dekk til neste veke.

– Det var ein kar her som la om til sommardekk før påske, og som kom inn att denne veka for å legge om til piggdekk igjen. Men elles verkar det som om folk bruker hovudet og ser an vêrmeldingane før dei tek av piggdekka, seier Snildal.

Dei håper på gode vêrmeldingar og travle dagar neste veke.

– Vi har alltid eit kvart å jobbe med, men det vert nok litt mykje kaffidrikking no, avsluttar Snildal.