NRK Meny
Normal

Manar til kamp mot endringar i arbeidsmiljølova

Regjeringa sine forslag til endringar i arbeidsmiljølova møter motstand. På onsdag vil fagforeiningane i Sogn og Fjordane, som i resten av landet, mobilisere til streik mot dei føreslegne endringane.

LO-leiar i Sogn og Fjordane Ralf Johansen

KRITISK: Ralf Johannessen i LO Sogn og Fjordane forventar stor folkeleg motstand mot dei føreslegne endringane i arbeidsmiljølova.

Foto: Privat

Ralf Johannessen i LO Sogn og Fjordane meiner det er viktig å vise motstand, før det er for seint.

– Endringane som regjeringa har føreslått vil føre til auka bruk av mellombelse tilsetjingar, lengre arbeidsdagar, meir pålagt overtid og søndag som arbeidsdag for fleire. Det vil gå ut over alle som jobbar, seier han.

Overraska over regjeringa

Streiken er eit fellesarrangement mellom hovudsamanslutningane LO, YS og UNIO og vil bli markert på ulikt vis i heile landet.

I Sogn og Fjordane er det planlagt arrangement i Førde, Nordfjordeid, Måløy, Sogndal, Vik, Høyanger, Flora og Svelgen. Og fleire kan det bli.

Men sjølv om det er fagrørsla som står bak sjølve streiken, er Johannessen oppteken av å fram at dette ikkje er noko dei står åleine om.

– Også staten sine eigne faginstansar har gått klart imot desse endringane. Slik sett er det overraskande at regjeringa verken høyrer på ei samla fagrørsle, eller sine eigne faginstansar, seier Johannessen.

Trur det blir vanskelegare å få fast arbeid

Han meiner at dei føreslegne endringane er eit stort steg tilbake i kampen om å sikre norske arbeidstakarar trygge rammer og eit godt arbeidsmiljø.

– Det at folk no ikkje skal tilsettast fast, men i enno større grad gå i mellombels tilsetjingar, vil gjere det enno vanskelegare å sikre ei trygg inntekt, noko som ofte er ei føresetnad for å få lån i banken til å for eksempel byggje deg eit hus, seier han.

Han meiner endringane i stor grad vil gjere det lettare for arbeidsgjevarane, men vanskelegare for tilsette.

– I tillegg er det eit fare for at ein reduserer arbeidstakarorganisasjonane sin innverknad, seier han.

Forventar stor oppslutning

Streiken vil bli markert med torgmøte, appellar, kulturinnslag, marsj gjennom gatene og stand med utdeling av informasjon, litt avhengig av kvar du er i landet.

Håpet er at motstanden i folket skal påverke dei folkevalde til å gå i mot endringane når dei seinare skal opp i Stortinget.

– Det er ikkje for seint å snu, det er ikkje for seint å ta til fornuft. Eg trur at denne markeringa vil bli kraftfull og flott landet rundt, med store og små markeringar, og tusenvis av folk som vil vise kva dei synst om dette her. For dette er noko folk er opptekne av, det er i alle fall vår erfaring i møte både med tillitsvalde og medlemmar, seier Johannessen.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy