NRK Meny
Normal

Manar til kamp for nye arbeidsplassar

FØRDE (NRK): Ordførar i Flora, Ola Teigen (Ap), meiner det er viktig med brei støtte for å sikre over 100 nye politistillingar til Florø. Han har eit samla fylkesparti i ryggen.

Ola Teigen på Ap sitt fylkesårsmøte

VIL HA NYE ARBEIDSPLASSAR: Florø har fått ein svært liten del av dei statlege arbeidsplassane, meiner ordførar i Flora, Ola Teigen. Difor meiner han Florø fortener å få løns- og rekneskapstenesta til politiet dit.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kystbyen er nemleg ein av kandidatane når Politidirektoratet skal samle løn- og rekneskapstenesta til politiet i heile landet på ein stad. Det kan vere snakk om 100 til 140 arbeidsplassar. Eit samrøystes fylkes-Ap krev at Florø blir valt.

– Eg er veldig glad for at dei kjempar Florø og Sunnfjord-regionen si sak. Det er ei veldig viktig sak og den er brennaktuell, for allereie 14. mars skal Politidirektoratet sende ut ei høyring om Florø skal vere med som ein lokasjon for den avdelinga, seier Ola Teigen.

– Det er viktig at alle gode krefter som heiar på Florø, støttar opp om saka, og det har Sogn og Fjordane Arbeidarparti gjort, seier han.

Står samla

Også fylkesutvalet har vore klar i si tale om at senteret bør kome til Florø. I ei fråsegn argumenterer dei breitt for å få stillingane.

– Det er forventa at politidistrikt som har blitt så hardt ramma som Sogn og Fjordane blir tilgodesett på andre område, sa fylkesordførar Jenny Følling.

Politihuset i Florø

MINST 100 JOBBAR: Kan kome til Florø om Politidirektoratet vel å leggje rekneskapstenesta til Florø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Også visepolitimeister Ronny Iden meiner Florø vil vere ein godt eigna plass, og at dei har kompetansen som skal til.

– Den har vi her ute med dei som har drive med dette frå før, og så er det meininga at eit slikt senter skal få tilført kompetanse frå resten av politi-Norge. Ein stad i Norge skal dette liggje, og kvifor ikkje Florø?

– Trongt nålauge

Det er dei 27 tidlegare politidistrikta som er med i kampen om arbeidsplassane.

– Det er eit trongt nålauge. På nokre indikatorar så scorar Florø godt, og på andre indikatorar scorar kanskje andre best, seier Teigen.

– Men det som i alle fall er eit faktum er at Florø har fått svært liten del av dei statlege arbeidsplassane, faktisk desidert færrast av dei vi konkurrerer med. Så ein sjanse er det i alle fall.

Har diskutert med Tajik

Ingrid Heggø på Ap sitt fylkesårsmøte

OPTIMIST: Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) er oppteken av at ein må jobbe for å få nye ting til Sogn og Fjordane. Rekneskapssenteret til politiet er eit godt døme på dette, meiner ho.

– Der må vi stå på for å få dette til Florø. Det er nye arbeidsplassar og det vil vere til gunst for oss.

Og ho trur sjansane er gode.

– No har eg teke det med Arbeidarpartigruppa, og vi er veldig for å jobbe for at vi skal leggje det hit. Vi hadde ein runde med Hadia Tajik på dette og ho var veldig positiv. Eg håpar verkeleg vi skal klare det der, altså, seier Heggø.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.