Mana til forsoning i splitta bygd

Sjølv om ein er usamd i gruvedrift-saka i Vevring, er det veldig viktig å unngå at det blir uvenskap i bygda. Det seier fungerande biskop i Bjørgvin, Jan Otto Myrseth.

Fungerande biskop Jan Otto Myrseth

MØTE: Fungerande biskop Jan Otto Myrseth har vore på eit tre dagars besøk i Naustdal, og møtte i dag skuleborn i Vevring kyrkje. Der nytta han høve til å mane til forsoning i bygda, der meiningane om gruvedrift er svært delte.

Foto: Bård Siem / NRK

– Mi utfordring til denne bygda er: Uansett utfall av akkurat denne krevjande saka, håpar eg dei kan halde fast på fellesskapet i bygda.

Ja eller nei til gruvedrift skaper eit voldsomt engasjement og mange står steilt mot kvarandre. Spørsmålet har i årevis ligge der som ein raud klut for bygdefolket i den vesle bygda Vevring på nordsida av Førdefjorden mellom Førde og Florø.

Biskopen manar til forsoning.

– Vi er vel i mange miljø alt for vande til at dersom vi først vert ueinige om saker, så må ein også skilje lag utan å vere vener. Der har vi mykje å lære av politikarar: politikarar er ofte flinke på å kunne vere rykande ueinige, og etterpå å kunne sette seg med same bord, seier Myrseth.

Soknepresten er mot

Får Nordic Mining tommelen opp frå regjeringa vil det medføre at enorme mengder gruvemasse blir dumpa i fjorden. Forkjemparane viser til at det vil bli skapt mange nye arbeidsplassar. Motstandardane meiner fjorden blir skada eller øydelagd av dumpinga.

Også i kyrkja er meiningane delte. Rigmor Frøyen, sokneprest i Naustdal og Vevring, likar ikkje gruveplanane.

– Eg er skeptisk til utbygging her, og ynskjer ikkje at det skal bli gruvedrift. Samstundes veit eg frå samtalar at alle vil det beste for bygda, både dei som er for og mot argumenterer med det.

Difor har ho ikkje teke gruveplanane opp som tema veldig ofte. Men i ei preike på 17. mai gjorde ho det likevel.

– Då prata eg litt om det vanskelege med å leve i ei so lita bygd der det blir litt frontar. Det er viktig å kunne leve saman med ulike standpunkt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fungerande biskop Jan Otto Myrseth

VISITAS: Myrseth har vore på ein tre dagars visitas i Naustdal, som mellom anna inneheld eit møte med småskuleborn i Vevring kyrkje tidlegare i dag. Sokneprest Rigmor Frøyen til høgre for biskopen.

Foto: Bård Siem / NRK

Kyrkjetenaren er for

Ola Dag Thingnes er kyrkjetenar i bygda og grunneigar som har tilbydd areal til bustadtomter, dersom det blir opna for gruvedrift. Han fortel at gruvestriden pregar bygda.

– Det er delte meiningar i bygda. Det er ikkje nødvendigvis vondt blod, men det gjer nok noko med bygda. Det er nok ikkje berre, berre.

Sjølv er han for utbygging, dersom dei siste undersøkingane syner at det er forsvarleg.

– Når ein ser i media, så ser det ut som omtrent alle er mot ei utbygging. Dei som er positive har jo aldri organisert seg. Eg håpar at det blir utbygging, dersom det er forsvarleg, seier Thingnes.

– Eg hugsar rundt 1980 når vi byrja å snakke om dette. Vi har hatt tre miljøvernministrar før dagens som har vore borte i saka. Vi har hatt diskusjonar og folkemøte fram og tilbake so lenge, at no må vi få ei avgjerd, seier han.

Siterer tidlegare miljøvernminister

Også leiaren i soknerådet i Vevring, Mette Elin Standal, fortel om ei bygd som er påverka av gruvesaka, og mange sterke meiningar.

– Personleg likar eg å sitere Rakel Surlien som var miljøvernminister ein gong i tida: «Vi har ikkje arva naturen etter foreldra våre, vi låner han hjå borna våre». Eg tenkjer at det er viktig: vi har forvaltaransvar, vi skal kanskje ikkje berre bruke, men tenke på dei som kjem etter oss.

– Du er mot gruvedrift?

– Så lenge vi ikkje er heilt sikre på at det ikkje gjer skade på sikt, tykkjer eg vi skal vente.

Biskopen ber om at usemja om gruveplanane ikkje må føre til vondt blod.

– Eg håpar dei kan halde fast på fellesskapet i bygda, seier fungerande biskop Jan Otto Myrseth.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.