Hopp til innhold

Måltørke i treningskampane

Måltørke kan vere stikkord for treningskampane til Sogndal på La Manga i Spania. Men trenar Stig Nord er nøgd med opphaldet.

 

Stig Nord
Foto: NRK

Til denne tid har dei lagt mest vekt på forsvarsarbeidet, fortel han. 0-0 mot Hønefoss og 0-1 mot Strømsgodset er resultat som ikkje vitnar om eit lag i skåringsform.

 Berre åtte baklengs

Men kaptein Terje Skjeldestad vel å legge mest vekt på at Sogndal berre har sleppt inn åtte mål på ti treningskampar og at måla rett veg kjem etter kvart.

- Vi har fått ein defensiv tryggleik som er viktig. I dei to vekene som er att skal vi terpe på detaljar i det offensive spelet, seier han.

 - Målsetjinga er hemmeleg enno

Trenar Stig Nord og spelarane er blitt samde om ei målsetjing for sesongen. Den vil dei ikkje offentleggjera enno, men Nord seier at dei vil vere varsame med å legge lista for høgt.

- Vi er i ferd med å byggje opp eit nytt lag med mange unge spelarar, men samstundes er det viktig å skape forventningar til laget, så målsettinga blir ein balansegang.

 

Generalprøve mot Bodø/Glimt

Seriealvoret startar borte mot Pors Grenland 9. april. Komande søndag er det generalprøve heime på Fosshaugane mot Bodø/Glimt.

- Det er bra å få teste tilstanden mot eitt av dei laga som er rekna som topplaga i 1. divisjon før kampa om poenga startar, seier trenar Stig Nord.