Hopp til innhold

Målte feittet på passasjerar

På flyplassen i Førde tysdag kunne passasjerar få måle feittprosenten sin. Fleire stussa litt, men tok likevel imot tilbodet.

Forskingsdagane var på flyplassen i Førde for å måle BMI på passasjerar.

Når passasjerane som skulle ta morgonflyet til Oslo var komne gjennom tryggleikskontrollen, fekk dei tilbod om å få målt sin BMI av sjukepleiarstudentar frå Høgskulen i Førde.

Av med sokkar og sko

– Ja, det kan vel ikkje skade, seier flypassasjer Martin Berntsen når han får spørsmål om han vil måle feittprosenten sin.

Med litt latter og humring forsvinn skoa og sokkane av beina på Berntsen og deretter får han beskjed om å gå opp på stativet som kan skildrast som noko som ser ut som ei stor vekt. Bioimpedansmaskina måler kor mykje musklar og feitt folk har på ulike delar av kroppen.

BMI står for body mass index og fortel om kor stor feittprosent folk har i kroppen. Målinga vert ofte brukt for å finne ut om folk er overvektige eller undervektige.

Her kan du lese meir om forskingsdagane i fylket

Får oversikt over helsa

Forskingsdagane 2014

FLEIRE VILLE PRØVE: Det var mange som ville teste seg på maskina forskar John Roger Andersen hadde med seg på flyplassen tysdag.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Vi kan med dette apparatet også måle korleis kroppen er samansett av musklar og feitt, og gjennom resultatet som kjem ut kan personen som vert testa få oversikt over helsa si, forklarer sjukepleiarstudent Caroline Helle Berntsen.

Berntsen står heilt roleg på vekta og held i to stakar. Testen tek berre eit lite minutt, og plutseleg dukkar det opp mange tal og grafar på skjermen framføre Berntsen.

– Her ser vi heilt tydeleg kva BMI du har, seier Caroline og peikar og forklarer.

Berntsen hamna på 26,5 i BMI.

– Det er bra det, smiler Caroline og fortel at normalvektige ligg mellom 18 og 25 i BMI.

– Ja, eg hadde nok ein god del vekt i lommene mine, ler han og får humoristiske kommentarar tilbake.

Målte BMI på flyplassen i Førde.

- BRA TILTAK: Kristian Solheim var overraska og imponert over at han kunne få testa helsa si på flyplassen tidleg ein tysdag morgon.

Meir musklar enn normalt

At Berntsen er eit tal over er ikkje noko å uroe seg over. For snart kjem det tal opp som fortel kor stor muskelmasse han har i over og underkroppen.

– Her scorar du høgare enn normale, smiler sjukepleiarstudenten og får Berntsen til å le.

– Det var jo bra då, seier han, og får forklart at han er noko ulik muskelmasse i beina.

– Det er eg veldig klar over, seier han. Berntsen er tidlegare aktiv volleyballspelar og fekk ein skade i den eine foten nokre år tilbake. Det kan forklare muskelskilnaden.

– Men dette ser alt i alt veldig bra ut det, seier Caroline og gjev Berntsen tommel opp.

Flyplass som forskingsstasjon

Flyplassen var tysdag morgon gjort om til ein liten forskingsstasjon med fleire ulike tilbod til passasjerane.

Studentar ved ingeniørutdanninga i Førde forklarte og demonstrerte nye appar på mobilen og korleis dei kan styre alle elektroniske einingar i eit hus.

Hygienesjukepleiarane frå Førde sentralsjukehus sjekka kor flinke passasjerane var til å vaske hendene sine.

– Dette er ein del av forskingsdagane som går føre seg denne veka, seier mannen bak målinga, John Roger Andersen.

Han er forskar i Helse Førde, og tysdag hadde han med seg mykje utstyr og fleire sjukepleiarstudentar på Førde lufthamn Bringeland.

– Slike målingar vi no gjennomfører må folk betale opp mot 500 kroner for på helsesenter. Og vi ser at dette er eit tilbod som er populært. Vi har hatt slike målingar andre stader, og folk stiller seg gjerne i kø for å teste seg sjølve.

Litt nervøs før testen

Caroline Helle

INVITERTE FOLK: Sjukepleiarstudent Caroline Helle var ivrig hjelpar då flypassasjerane fekk testa BMI på Førde Lufthamn Bringeland.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Målinga på apparatet forskarteamet har med seg, kostar over hundre tusen kroner og gjev svært nøyaktige målingar som kan gje folk hjelp til å ta vare på helsa si.

– Vi ser at dei som får resultatet kan få god hjelp til å trene rett og få ein motivasjon og inspirasjon til å halde seg i form, seier Andersen.

Flypassasjer ... melde seg frivillig til å teste seg på maskina til Andersen, og kjende litt på nervane før det var hans tur.

– Det var ikkje akkurat dette eg såg for meg då eg stod opp i dag, men det er moro at dei tilbyr slike ting på ein flyplass. Eg håpar eg klarer meg ok, men veit at eg nok har litt for mykje på kroppen, ler han i køen.

Målte BMI på flyplassen i Førde.

NYE DUPPEDITTAR: - Det kjem stadig nye teknologiske nyfinningar som kan hjelpe oss i kvardagen, seier Andrii Petrychak.

Fekk lyset på med tankekraft

For ingeniørstudent Andrii Petrychak var det tankeoverføring som stod på timeplanen.

– Eg kan slå av og på lyset her berre med rein tankekraft, men eg må konsentrere meg veldig, seier han og legg hendene bak hovudet og let att auga.

Lyset framføre han er av, og i det Petrychak seier lys, kjem lyset på. Så seier han lys av, og lyset går av.

– Imponert? spør han og ler.

Det er ikkje rein tankekraft ingeniørstudenten har gjennomført framføre auga på passasjerane, men han demonstrert bruken av ei klokke han har på handa.

– Med denne kan du styre det meste av det tekniske i huset ditt, og dette er framtida trur vi. Tankekraft er vi nok ikkje så dyktige på, blunkar han og seier lys igjen, lyset skin opp.

Forskar heile veka

Frå måndag til fredag vil det vere fleire ulike hendingar rundt om i fylket som Høgskulen i Sogn og Fjordane, Helse Førde, Bremuseet i Fjærland og Utviklingssenteret står for.

Målet med dagane, som også vert arrangert rundt om i landet, er å skape blest og merksemd kring forsking.