NRK Meny
Normal

Målte bilist i 147 km/t

På få timar tok UP førarkortet til to bilistar og delte ut fleire forenkla førelegg under ein fartskontroll på riksveg 15.

politi illustrasjon

FOR HARDT PÅ GASSEN: Det var på riksveg 15 over Strynefjellet at UP tok titals bilistar for høg fart.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

– Dette er «galimatias». Det høyrer rett og slett ikkje heime, seier operasjonsleiar ved Innlandet sin operasjonssentral, Bård Einar Hoft.

Hoft er rysta over resultatet etter ein kontroll. Ein UP-patrulje frå Innlandet hadde fartskontroll ved utløpet av Oppljostunnelen på rv. 15 over Strynefjellet.

18 bilistar fekk delt ut forenkla førelegg for høg fart. To førarar må ta beina fatt. Den eine var målt til 147 km/t i 90-sona, medan UP målte den andre til 127 km/t. Det er ikkje kvardagskost for politiet, meiner politiet sin operasjonsleiar.

– Dette er mykje til å vere ein kort kontroll.

Laster Twitter-innhold
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.