Hopp til innhold

Målrørsla er kraftig splitta

Det bles opp til storm i målrørsla i saka om nynorsk rettskriving.

Ja til nynorsk
Foto: Scanpix

Før årsmøtet i april er Noregs Mållag splitta i synet på korleis skrivemåten for nynorske ord skal vere. Leiar Hege Myklebust fryktar harde frontar.

- Det er veldig mange ulike meiningar i mållaget, så dette kjem til å bli ein heit diskusjon.

Les også: Stoggar enklare nynorsk

To grupperingar

Nynorsk rettskriving er omstridd i Noregs mållag og har skapt kraftige rivningar i målrørsla tidlegare. Ei gruppering vil ha ei vid norm, som ein har i dag, med stor valfridom og som tek vare på det dialektmangfaldet nynorsken er bygd på.

Ei anna gruppering vil ha ei tydleg, enkel og stram norm, utan sideformer, ei norm som gjer det enklare for svake språkbrukarar skriva korrekt nynorsk. Mållagsleiaren støttar det sistnemnde synet. Myklebust er klar på kven som blir taparane dersom det ikkje blir ei enklare rettskriving.

- Folk sluttar å bruke nynorsk etter kort tid, og eg er ein trur det er fordi dei er usikre på korleis den skal skrivast.

Legg arbeidet på is

I dag blei det kjent at kulturminister Trond Giske stoggar arbeidet med å lage ei enklare nynorsk rettskriving. Språkrådet skulle leggje fram eit nytt forslag til rettskriving neste år, men må no leggja arbeidet på is.

Usamd med leiaren

Det er nomeringsansvarleg i Noregs mållag, Aud Søyland, glad for. Søyland er nemleg heilt usamd med leiaren sin, og kjempar for at dagens vide rettskriving med stor valfridom skal overleve.

- Eg tykkjer det er viktig at nynorsk famnar om både vestnorske, austnorsk og nordnorske dialektar.

Når målrørsla er så splitta i denne saka, trur mållagsleiar Hege Myklebust at nettopp det kan bli eit høveleg påskot for politikarane til å skinleggja dette arbeidet - nok ein gong.

- Det kan bli eit argument, ja.