Hopp til innhold

Målrock får kritikk for Big Bang

Målrock i Årdal får flengande kritikk for å hyre inn grupper som syng på engelsk. No har styremedlem Kari Vigen trekt seg i protest.

Big Bang.
Foto: Thomas Bjørnflaten / Scanpix

Nynorsk Kultursentrum vurderer å droppe eit planlagt samarbeid fordi Målrock bryt med grunnlaget for festivalen.

- Engelsk ikkje ein norsk dialekt

Big Bang er eitt av trekkplastra på årets Målrock i Årdal, musikkfestivalen som skal vise fram artistar som syng på nynorsk og dialekt.

 - Big Bang syng på engelsk, og engelsk er ikkje ein norsk dialekt.

Det seier tidlegare styremedlem i Målrock, Kari Vigen. Rett før påske trekte ho seg i protest. - Engelsk på Målrock er ikkje akseptabelt, meiner ho.

- Skal prioritere annleis

- Eg har ikkje noko imot Big Bang, det har ikkje noko med deira musikalske kvalitetar å gjere, men på Målrock skal vi ikkje prioritere norske utøvarar som brukar engelsk.

- Fann ikkje store nok namn

Arvid Fodnes er leiar i stiftinga Målrock. Han seier dei rett og slett ikkje fann store nok namn som syng på nynorsk eller dialektar.

- Dei som har ansvaret for booking hjå oss har støvsuga marknaden, og har ikkje greidd å fylle opp heile programmet med norsk og nynorsk dialekt, det er ikkje meir dramatikk i det.

- Kva er vitsen då?

I Nynorsk Kultursentrum synest dei dette er ei billeg orsaking. Leiar Ottar Grepstad er svært kritisk til utviklinga i Målrock.

 - Kva er vitsen med Målrock då? Det er ikkje nokon stor kunst å planke turnelistene som alle kan trekkje vekslar på. Målrock må ikkje tukle med grunnlaget sitt. Eg hadde tenkt at at Nynorsk Kultursentrum skulle spørje Målrock om å utvikle eit nærare samarbeid, men det er uinteressant dersom dei skal bli ein av hundre festivalar som køyrer engelskspråkleg rock i Noreg. Det var ikkje det vi hadde bruk for, seier Ottar Grepstad.