Hopp til innhold

Målrikt i første runde

Fem 3. divisjonskampar vart spelte laurdag ettermiddag.

Benny Rivedal skårar for Førde

Benny Rivedal header ballen i mål for Førde i kampen mot Årdal.

Foto: Daniel Drageset / NRK

Både nyopprykka Selje og Skavøypoll vann sine kampar. Årdal måtte sjå seg slått på Førde stadion, medan Florø vann på heimebane.

I Måløy tok Stryn sigeren i ein kamp der det vart skåra heile åtte mål.

Årets 3. divisjon kan du følgje på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Her får du alle måla etterkvart som dei blir skåra.

No er alle kampane slutt, og dette vart resultata:

Florø - Eid 1 - 0

  • 14. minutt: 1 - 0 ved Eivind Nybakk, flott mål etter innlegg frå Christer Husa.
  • Slutt: Det vart 1 - 0 til Florø i ein jamn og spennande kamp med mange målsjansar hos begge lag.
  • Det var tre gule kort i kampen: Torstein Strømsøy, Florø, Thomas Starheim og Petter Hammer, Eid.

Les: Florø tok tre poeng

Førde - Årdal 1 - 0

  • 40. minutt: 1 - 0 ved Benny Rivedal etter innlegg frå Kim Tangedal, Rivedal sette ballen i mål med hovudet frå fem meter.

Les: Førde vann toppkampen

Tornado Måløy - Stryn 3 - 5

  • 5. minutt: 1 - 0 ved Per Jarle Mathisen
  • 35. minutt: 2 - 0 ved Per Jarle Mathisen
  • 42. minutt: 2 - 1 ved Christian Holko
  • 45. minutt: 2 - 2 ved Mathias Eikenes
  • 50. minutt 2 - 3 ved Mathias Eikenes
  • 58. minutt 2 - 4 ved Kåre Balsnes
  • 65. minutt: 3 - 4 ved Leif Arne Iversen - Gisle Myhre har hatt tre målgivande pasningar i dag.
  • 72. minutt: 3 - 5 ved Christian Holko

Les: Målrikt i Måløy

Selje - Fjøra 4 - 2

  • 6. minutt: 1 - 0 ved André Kupen
  • 12. minutt: 1 - 1 straffe ved Frode Kvåle
  • 1 - 1 ved pause - Jamn kamp til no.
  • 50. minutt: Gult kort til Frode Kvåle, Fjøra.
  • Selje har starta 2. omgang med to kanonsjansar.
  • 57. minutt: 2 - 1 ved Endre Kupen - fantastisk mål, soloprestasjon, klinka i krysset.
  • 70. minutt: 3 - 1 ved Endre Kupen - skåra sikkert.
  • 73. minutt: 3 - 2 ved Arild Underdal - skåringa kom etter ein corner.
  • 90. minutt: 4 - 2 ved Roger Hamre, fantastisk mål, dribla to mann og klinka i krysset.

Les: Jubel i Selje - heilsvart for Fjøra

Høyang - Skavøypoll 0 - 1

  • 0 - 0 ved pause - Svak omgang. Debutnervar i 1. seriekamp?
  • 49. minutt: 0 -1 ved Håvard Bruvoll
  • 60. minutt: Gult kort til Morten Kåre Eriksen, Høyang
  • 85. minutt: Gult kort til Marius Bøe, Høyang

Les: - Skavøypoll vann fortent

Den siste kampen i første serierunde blir spelt på måndag. Då møtast Kaupanger og Sogndal 2 på Kaupanger kunstgras.

Les: Sogndal vann målfesten