Hopp til innhold

Målrikt etter kvilen i Måløy

Begge lag leverte etter rapportane ein elendig første omgang. Så tok det verkeleg av på Måløy stadion.

Heimelaget vann til slutt 4-0 over gjestane Skavøypoll. Samtlege mål kom i andre omgang.

SJÅ OGSÅ: Mange scoringar i femte runde

Tornado Måløy - Skavøypoll 4-0 (0-0)

Måløy stadion

Kampen er i gang.

Pause. Begge lag går mållause av bana etter dei første 45 minutta. Rapportane fortel om ein elendig kamp frå begge lag der ingen har makta å produsere ein einaste sjanse før kvile.

Kampen er i gang att.

1-0 70 min. Per Jarle Mathisen

2-0 73 min. Sjølvmål av Ole Kristian Nygård.

3-0 76 min. Sveinung Frantzen.

Raudt kort: Skavøypollspelaren Øystein Weltzin får raudt kort for protestar.

4-0 90 min. Joachim Fortun.

Slutt. Etter ein elendig første omgang får heimelaget i gang maskineriet og puttar fire mål mot rivalen frå andre sida av Måløybrua.