NRK Meny
Normal

Målrikt då Førde avgjorde serien

Førde slappa av på tampen, men Tornado Måløy klarte berre nesten å stikke kjeppar i hjula for sunnfjordingane.

Førde leia 4-1 åtte minutt før slutt, men to mål på to minutt ved gjestenes John Martin Gil gjorde avslutninga meir spennande enn den burde.

Men Førde drog sigeren i land og er med det klar for spel om opprykk til 2. divisjon. Om ikkje det var nok, Steinar Tenden putta to mål og tok dermed attende tittelen som toppscorar i divisjonen.

RESULTAT 18. SERIERUNDE

Førde - Tornado Måløy, 4-3 (2-1)

Førde stadion

Kampen er i gang

1-0 32 min. Steinar Tenden. Headar Førde i leiinga etter corner. Dermed har Tenden like mange scoringar som Arild Underdal i kampen om toppscorartittelen.

2-0 33 min. Thor Jørgen Spurkeland. Eit innlegg som vert stussa til Spurkeland på bakerste. Hordalendingen dreg med seg ballen og legg den i motsett hjørne.

2-1 44 min. Sveinung Frantzen.

Pause

Kampen er i gang att.

3-1 59 min. Kim Tangedal.

4-1 77 min. Steinar Tenden. Sander Solvik gjer forarbeidet og sler 45 grader ut til Tenden som scorar.

4-2 82 min. Jon Martin Gil.

4-3 83. min. Jon Martin Gil. Straffe.

Kampen er slutt.