Hopp til innhold

Målprisen 2012 til NRK-journalist

Eva Westvik (42) får Målprisen for Sogn og Fjordane for 2012. Prisen får ho for å ha brøyta veg for barne-TV med høg kvalitet på nynorsk.

Målpris

GLAD: Journalist og programskapar Eva Westvik (t.v.) får Sogn og Fjordane MÅllag sin målpris for 2012. Her saman med leiar i Sogn og Fjordane Mållag, Aud Lunde.

Foto: Pressefoto

Westvik er kvinna bak suksesseriane ”Her er eg” og ”Klart eg kan” på NRK Super, og ho er tilsett i NRK Sogn og Fjordane. Prisen vart delt ut av lokallagsleiar Aud Lunde på Sogn og Fjordane mållag sitt årsmøte.

– Du får prisen fordi du er med å skape gode språklege førebilete for ungane i Sogn og Fjordane og heile landet, sa Lunde då ho delte ut prisen.

Stolt og inspirert

– Eg er svært stolt av å ha fått denne prisen og for at de har sett det arbeidet vi har gjort, og det gir meg inspirasjon til å halde fram, sa prisvinnaren.

Ho meiner at det å vise fram kvardagen og språket til ungane i Sogn og Fjordane i barne-TV er godt for sjølvkjensla deira, og auka mangfald i NRK Super er bra for alle dei unge sjåarane.

Eva Westvik er busett i Måløy og tilsett i NRK. Ho har dei siste åra arbeidd på heiltid frå si base i Måløy og Sogn og Fjordane med å lage eigenutvikla nynorsk barne-TV i barnekanalen NRK Super.

Ho har laga 39 episodar av serien «Her er eg», og er no i gang med oppfølgjarserien "Klart eg kan".

Begge seriane handlar om born frå nynorskområde og deira liv. Seriane har blitt ein stor suksess på barnekanalen NRK Super. Programma er også seld til ei rekkje andre land.

Viktig nybrottsarbeid

Leiar i Noregs Mållag Håvard Øvregård var også til stades ved utdelinga og peika kor viktig serien ”Her er eg” har vore for nynorsk på NRK Super.

– Eva Westvik har borte isen og vist at kvalitetsbarnetv kan lagast utanfor Oslo, også på nynorsk, seier han og meiner prisvinnaren er viktig også utanfor Sogn og Fjordane.

Noregs Mållag har lenge satsa på born i førskulealderen.

– Born i Noreg bør møte både nynorsk og bokmål i eigen kvardag så tidleg som mogleg. Då er «Klart eg kan»-serien viktig for språklege sjølvtillit og sjølvkjensle for born i nynorskområde, seier Øvregård.