Hopp til innhold

Målpris til Jens Vestrheim

Jens Vestrheim frå Naustdal fekk i dag Sogn og Fjordane Mållag sin målpris for 2015. Prisen får han for arbeidet han har gjort med å samle inn ord og uttrykk frå Naustdalsmålet. Arbeidet resulterte i boka «Godt mot», ei samling av 1000 dialektord med forklaringar. I sin takketal gav Vestrheim mellom anna uttrykk for uro for at mange ord som var brukte til å skildre dagleglivet i gamle dagar no berre er kjent blant dei godt vaksne.

Jens Vestrheim fekk Sogn og Fjordane Mållag sin målpris, her med Aud Lunde og Marit Aakre Tennø
Foto: Sogn og Fjordane Mållag