Hopp til innhold

Målpris frå heimkommunen

Sylfest Lomheim fekk årets målpris frå Luster mållag.

Lomheim
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Tildelinga vart kunngjord under Lustramarknaden laurdag, men hovudpersonen var ikkje til stades for å ta imot prisen.

Lomheim var oppteken på anna hald denne helga.

Det var leiaren i Luster mållag, Oddmund L. Hoel, som fortalde om prisen, og han sa mellom anna dette om prisvinnaren:

- Nynorsk på alvor

- Sylfest Lomheim er ei markert og velkjend røyst i kultur-Noreg. Sidan 2003 har han hatt den viktigaste språkstillinga i landet, som direktør for det opprusta Språkrådet. Frå denne posisjonen har han vore med og lagt grunnen for ein offentleg språkpolitikk som i sterkare grad tek situasjonen til nynorsk på alvor.

- Velkjent namn lenge

Oddmund Hoel

Oddmund L. Hoel kunngjorde at Sylfest Lomheim får målprisen.

Foto: Torodd Joranger

- Lenge før han vart språkdirektør var Lomheim eit velkjent namn i norsk ålmente. Han har gjennom fleire tiår vore ein av dei viktigaste popularisatorane og formidlarane av norsk språkvitskap. I Språkteigen på NRK radio har han vore sentral sidan 1991, og han medverka i den populære fjernsynsserien Typisk norsk på NRK.

- Uhøgtideleg form

- Den humoristiske og uhøgtidelege forma har òg gjort han til ein mykje brukt språkekspert og kommentator i alle typar media og ein omtykt føredragshaldar. Det skal heller ikkje gløymast at Lomheim skreiv seg inn i norsk språkhistorie ved å vera den fyrste som brukte nynorsk i Sportsrevyen, i 1969-70.

- Framifrå ambassadør

- Trass i at det er meir enn 40 år sidan Lomheim forlet Hafslo og Sogn, har det aldri vore tvil om kvar han kjem ifrå. Attåt det store arbeidet for nynorsken, og for norsk språk i det heile, har språkkjendisen Lomheim òg vore ein framifrå ambassadør for sognamålet, for heimbygda og for Luster.”